NRK Meny
Normal

Hovland debuterte i Nürnberg-siger

Even Hovland frå Vadheim fekk omsider sin debut som utanlandsproff måndag kveld.

Even Hovland

TILBAKE FRÅ SKADE: Problem med ein lårmuskel har sett Even Hovland sin Tyskland-debut på vent.

Foto: Arve Uglum / NRK

Den tidlegare Molde-kapteinen debuterte i tysk fotball då hans nye klubb Nürnberg fekk ein etterlengta siger etter 3–2 mot Kaiserslautern i 2. Bundesliga.

Hovland kom inn etter 78 minutt, skriv klubben på si nettside.

Skadd på trening

Den tidlegare Høyang, Sogndal og Molde-spelaren tok i sommar steget frå norsk eliteserie til nivå to i Tyskland. Nürnberg rykte i fjor ned frå tysk eliteserie.

Even Hovland-skade i tyske Kicker

HOVLAND-SJOKK: Det tyske fotballmagasinet Kicker slo stort opp at Even Hovland vart skadd kort tid etter overgangen frå Molde til Nürnberg.

Foto: Skjermdump

Kort tid etter overgangen frå Molde fekk Hovland ein skade under ein treningskamp for nyeklubben. Før måndagens kamp hadde han vore sett ut av førstelagsspel sidan juli, då det tyske fotballmagasinet Kicker først melde om skaden.

– Det er alltid kjedeleg å bli skadd, iallfall no når eg akkurat har komme til ein ny klubb, sa Hovland til NRK.no då skaden vart kjend.

Skaden var ei rift i eine lårmuskelen.

Trur Hovland blir ein bauta i Tyskland

Sportsleg leiar Anders Giske

STOR TRU PÅ HOVLAND: Tidlegare tysklandsproff og tidlegare sportsleg leiar i Sogndal, Anders Giske, spelte sjølv tre sesongar i Nürnberg.

Foto: NRK

Tidlegare Tyskland-proff Anders Giske har spådd Hovland ei lysande karriere i Bayern

– Eg trur Even kan bli ein av støttespelarane på Nürnberg. No må han berre få nok kampar, få etablert seg, bli varm i trøya og lære seg språket – så går det nok ganske fort, sa Anders Giske til NRK i slutten av august.

Sunnmøringen har sjølv lang røynsle frå tysk toppfotball, mellom anna var han kaptein på Nürnberg i tre sesongar på 80-talet, og følgjer framleis med på det som skjer i gamleklubben.

Nürnberg har berre ni poeng på åtte kampar etter ein svak start på sesongen. Laget ligg no på 13. plass i 2. Bundesliga.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast