NRK Meny
Normal

Hoverboard tok fyr under lading

May-Sissel Eikefjord prisar seg lukkeleg over at dei to døtrene hennar slapp heilskinna frå brannen. Onsdag tok hoverboardet til eldstejenta fyr under lading, medan dei to jentene var åleine heime.

Hoverboard tok fyr

BRANNFELLE: Hoverboard tok fyr under lading.

Foto: Privat

– Eg vart oppringt på jobb, og då seier dottera mi at no mamma må du ikkje bli sint, men det brenn heime, fortel Eikefjord.

Då var dei to jentene i tryggheit i hjå onkelen i nabohuset, og brannvesenet var på plass.

– Ho fortalde då at dei venta på at ambulansefolka skulle sjekke dei for røykskadar.

De var yngstejenta som først vart merksam på kva som var i ferd med skje, og som fekk varsla storesøstera.

Då vi såg røyken som kvelva opp trappa, gjekk alt så fort. Vi har hatt hundrevis av brannøvingar på skulen, så vi tenkte ikkje på kva vi skulle gjere. Alt gjekk på automatikk. Vi måtte berre komme oss ut, seier Miriam på 13 til Firdaposten, som var dei som først snakka med familien.

– Og vi tenkte ikkje å ta på oss sko eller noko, vi berre sprang, legg yngstejenta Alice til.

Hoverboard/sjølvbalanserande brett

HOVERBOARD: Brannen starta i ein slik.

Foto: Frederic J. Brown / AFP

Rommet heilt utbrent

– Brann starta i eit ståbrett som stod på lading. Rommet det stod på vart heilt utbrent, men det er ingen brannskadar andre stadar i huset. Berre røykskadar, seier Synnøve Domben som er fungerande stasjonssjef på politistasjonen Florø.

Etter brannen må alt i første etasje rivast, og resten av huset må vaskast ned.

– Heldigvis hadde Miriam stengt døra til rommet sitt der hoverboardet stod på lading, slik at det mest av røyken var der. Men vi ser at det har kokt og bobla på tak og vegger, så det har vore ein vanvitig varme der, seier Eikefjord.

Slik ser det ut etter brannen

EKSTREM VARME: Rommet der hoverboardet tok fyr er totalskadd.

Foto: Privat

Sterkt prega

Sjølv om det gjekk bra med dei to jentene er dei prega av det som har skjedd.

May-Sissel Eikefjord

FEKK SJOKKTELEFON: May-Sissel Eikefjord var på jobb då det byrja å brenne huset der dei to døtrene var åleine heime.

Foto: Privat

– Eldstejenta er sterkt prega av det, og har hatt problem med å få sove etterpå. Når eg ser kva som skjedde med huset så er utruleg glad for at det gjekk bra med jentene. Hadde dei til dømes gått ned i første etasje for å gå ut så hadde dei pusta inn røyken som var svært giftig, seier Eikefjord.

Får låne hus

Eikefjord reknar med at det kjem til å ta mange månadar før dei kan bu i huset igjen. Inn til vidare har dei fått låne eit hus i bygda.

– Vi har fått låne eit hus som ei venninne av meg eig og som stod ledig. Så vi fekk nøkkel onsdag kveld. Her er det møblert og alt, så vi var veldig heldige, seier Eikefjord.

Ikkje gå frå ladaren

– Elektriske apparat bør du ikkje lade om natt, helst bør du vere i same rommet slik at du har kontroll, seier Eikefjord.

Hoverborardet til dottera hadde kanskje stått på lading i ein time eller to då det tok fyr.

– Og då har sjølve batteriet i hoverboardet eksplodert og tatt fyr. Dette er vanvitig skummelt når ein ser kva det har gjort med huset, seier Eikefjord.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå