NRK Meny

Hotellstreik

Så langt er ingen hotell i Sogn og Fjordane råka av streiken. På landsplan er 3351 tilsette ved 363 hotell og restaurantar tatt ut i streik. Streiken er eit faktum frå søndag klokka 08.00 etter at partane i reiselivsoppgjeret, NHO Reiseliv og Fellesforbundet, hadde mekla på overtid i 11 timar etter at fristen gjekk ut ved midnatt, natt til laurdag.