Hopp til innhold

Sel hotellet etter økonomisk snuoperasjon

Tørvis Hotell i Luster vart fredag lagt ut for sal. – Vi har allereie ein god del interessentar, seier Ola Moe.

Tørvis Hotel

TIL SALS: Etter berre eitt års eigarskap, sel Ola Moe Tørvis Hotell i Marifjøra i Luster.

Foto: Ane Øvrebø / Tørvis

Det tradisjonsrike hotellet vart berga frå konkurs i fjor, men allereie etter eitt år i investor Ola Moe's eigarskap er det på veg over i nye hender.

– Hotellet skal drivast vidare, men vi ynskjer å starte ein prosess som skal ende i sal, seier han.

– Kvifor selje? Er det dårleg økonomi?

– Sesongen var veldig bra, så økonomien er god. No som vi har snudd tap til overskot, så ser vi føre oss moglegheita for å selje.

Fleire interessentar

Hotellet ligg ute til sal utan pris. Moe seier at salet skal gjennomførast, men ser ikkje bort frå at kjøparen kan bli ein samarbeidspartnar.

– Vi er opne for bod. Vi har allereie ein god del interessentar, og vi veit frå før at det er interesse i marknaden for eigedomen. Det er også litt av bakgrunnen for at vi legg det ut for sal, seier Moe.

Rolf Wikborg gjennomførte ei total renovering og oppattbygging då han tok over som eigar i 2008. Men store overskridingar gav hotellet ei stor gjeld. Samstundes var også driftsøkonomien vanskeleg.

Sette krav til eigarane

I 2013 tok søskena Kjell Sindre Schmidt og Siv Kjersti Schmidt over drifta av hotellet, medan Moe kom inn som eigar i 2015.

For å hjelpe hotellet på beina gjekk Luster kommune i fjor med på å avskrive 2,5 millionar av sitt pantelån i Tørvis Eigedom. Føresetnaden var at Luster Sparebank gjorde det same.

Føresetnaden var at Moe, saman med syskena Kjell Sindre, Siv Kjersti og Stig Øystein Schmidt etablerte eit nytt selskap med fem millionar kroner i eigenkapital. Selskapet skulle kjøpe hotelleigedomen for attverande pantegjeld på kring 11,4 millionar kroner.

Ifølgje sakspapira frå Luster kommune skulle eigarposten vere likt fordelt mellom Moe og syskena Schmidt. Eit anna krav var at den nye aksjekapitalen skulle nyttast til å gjere ferdig starta rom på hotellet.

Vil ikkje kommentere

Moe seier at Schmidt-familien er orienterte om salet. NRK har vore i kontakt med Kjell Sindre Schmidt, som ikkje ynskjer å kommentere saka.

Banksjef Oddstein Haugen seier han kjenner til at hotellet er lagt ut for sal.

– Banken har invitert til møte for å diskutere forhold rundt gjeldsfinansieringa. Dei tiltak som Ola Moe har sett i verk, står for hans rekning. Utover det kan eg ikkje gi ytterlegare kommentarar, seier Haugen.