Hopp til innhold

Hotellet kan få nytt liv

Det brannherja hotellet i Selje ser ut til å bli tatt over av folk som vil drive det vidare.

Selje hotel

GJENREISAST: Selje Hotel kan få ein ny vår.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Grupperingar med lokale forretningsfolk har meldt si interesse for å kjøpe brannråka Selje Hotel. Det stadfestar bustyrar Thore Heggen. Forretningsmannen John Olav Lefdal er ein av dei.

– Eg har blitt invitert inn, og takka ja. Dette er seriøse dyktige folk som ynskjer å satse på reiselivet i Nordfjord, seier John Olav Lefdal.

Lefdal vil ikkje ut med kven dei andre er, men stadfestar at det er lokale folk frå Selje, Vågsøy og Eid.

John Olav Lefdal

INTERESSERT: Forretningsmannen John Olav Lefdal.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Direktøren sette fyr på hotellet

25. november i fjor gjekk romfløya ved Selje Hotel opp i flammar. Direktøren har vedgått å ha sett fyr på hotellet. I alt er tre brør sikta for brannstiftinga. Alle sit framleis varetektsfengsla. Dei to brørne nektar straffskuld.

I Selje er folk uroa for at hotellet ikkje skulle oppstå på ny. Bygginga av Stad skipstunnel kan starte om få år, i tillegg er reiselivet ei veksande næring.

Går i dialog med interessegrupper snart

Bustyrar, advokat Thore Heggen i Stryn, seier ulike grupperingar er interessert i å ta over det brannherja hotellet som i vår vart slått konkurs.

– Dei fleste har ei form for lokal tilknyting.

Heggen vil no avklare med hovudkreditor Sparebanken Vest før han går i vidare dialog med moglege kjøparar.

Nokre har synt interesse for Frimannsbuda i Selje, som er ein del av konkursbuet. Andre er berre opptekne av hotellet, andre er opptekne av begge eigedomane.

– Det er vanskeleg å tenke seg eit betre tidspunkt å reetablere eit hotell i Selje på, sett i lys av at Stad skipstunnel skal byggast, seier Heggen.

Det er uklart om hotellet vil bli lagt ut for sal på den opne marknaden, seier Heggen, som ikkje vil opplyse kven interessentane er. Eit ope spørsmål er om hotellet kan gjenoppbyggast, eller om kjøparar ser for seg å bygge heilt nytt.

Skuldar banken 13 millionar

Heggen opplyser at banken er den største kreditoren med eit krav på i overkant av 13 millionar kroner. Der er ingen andre store krav i buet, men nokre mindre. Fristen for å melde inn krav går ut i neste veke.

– Ideelt sett får vi avklare framtida jo før jo heller, seier Heggen.

John Olav Lefdal eig ei rekkje selskap gjennom Lefdal Invest. Mellom anna er han hovudaksjonær i både Nordfjord Hotel og Bryggen Hotel på Nordfjordeid. Lefdal er også drivkrafta bak den nye cruisekaia i Eid. No kan han bli ein av fleire eigarar av Selje Hotel.

– Selje treng eit hotell, og dette trur vi at vi skal få til. Det skjer mykje i Selje med Stad skipstunnel og i reiselivet i heile Nordfjord, seier ein optimistisk Lefdal.

Selje Hotel

ROMFLØYA: Selje Hotel sin romfløy står nedbrent. No kan nye eigarar gjenreise hotellet.

Foto: Harald Kolseth / NRK