Hotelleigarar nedringte av mottaksaktørar

Ei ringerunde NRK har gjort til 15 hotell i Sogn og Fjordane viser at svært mange hotelleigarar har fått spørsmål om å legge ned drifta og starte mottak.

Knut Lindstrøm

TAKKAR NEI: Knut Lindstrøm, eigar av Lindstrøm hotell i Lærdal, er ein av mange som har fått tilbodet, men takka nei, til å leggje om drifta til mottak.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

UDI leitar over heile landet etter moglegheiter til å starte asylmottak. Men her i fylket er dei fleste hotelleigarar skeptiske til å ofre drifta til fordel for bustader for asylantar.

John Olav Lefdal

JA OG NEI: Forretningsmann John Olav Lefdal opnar opp for asylmottak på det tidlegare skipsverftet på Løkjaneset på Nordfjordeid, men er skeptisk til å leige ut hotellet han eig til same føremål

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ein av dei er forretningsmannen John Olav Lefdal på Nordfjordeid, som mellom anna eig Bryggen hotell. Han ønskjer å stille eit tidlegare verftsområde på Løkjaneset til disposisjon, men hotellet vil han ikkje leige ut.

– Eg har investert for over 20 millionar kroner og pussa opp romma til høg standard, så det å leige ut til asylmottak er heilt uaktuelt, seier han.

Dei fleste takkar nei

Tidlegare har det vekt sterke reaksjonar at Askvoll Fjordhotell skal bli asylmottak, men det er òg stor pågang på mange andre hotell. Berre Brekkestranda Fjordhotell har takka ja, men NRK veit at andre tel på knappane.

I Stryn er det alt bestemt at det kjem mottak med base i Innvik. Men både Karistova og Innvik Fjordhotel i same kommune har takka nei til å starte mottak i sine lokale.

– Det er heilt uaktuelt. Vi vil drive med turisme om sommaren og elles i året satsar vi på helgearrangement. Vi hadde ein god sesong i sommar og har hatt ein god haust, så vi er optimistar, seier Anna Marie Vatnamo, dagleg leiar ved Innvik Fjordhotel.

Eigar av Lindstrøm Hotel i Lærdal, Knut Lindstrøm, har òg blitt spurt.

– Vi har sagt nei takk, fordi vi ikkje ser på det som forretningsmessig interessant. Slik aktiviteten har vore, ikkje minst i år, så ser vi lyst på framtida.

Innvik Fjordhotell

OPTIMISTAR: Innvik Fjordhotell kan leggje bak seg ein god sesong. Difor er det uaktuelt for dagleg leiar Anna Marie Vatnamo å opne for asylmottak i hotellbygget.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Berre ein er positiv til mottak

Etter at mange har streva lenge, har det vore eit godt år for reiselivsbransjen. Lindstrøm meiner gode tider gjer at få vel å gi seg med hotelldrift no.

– Eg kjenner ikkje andre sine grunnar til å takke nei, men for min eigen del er det fordi turistbransjen går bra for tida. Difor er det ikkje aktuelt å byte beite.

Brekkestranda

POSITIVE: Brekkestranda Fjordhotell i Gulen er ein av få som er positive til asylmottak.

Foto: Georg Heggelund

Ein av dei som har takka ja til å byte ut hotelldrift med asylmottak, er eigar av Brekkestranda Fjordhotel, Morten Nilsen.

– Vi har stilt oss positive til det, litt på grunn av det økonomiske, men samtidig er det for å hjelpe til, seier han.