Hotelldirektøren sikrar solid start på festivalsommaren

Sidan 1990 har den travle hotelldirektøren Sigurd Kvikne fått utløp for sin musikalske hobby gjennom å arrangere Balejazz. I år toppar han programmet med sine eigne søner og norske folkeheltar.

Sigurd Kvikne

HOTELL OG KULTUR: Sigurd Kvikne er til vanleg direktør på Kviknes Hotel i Balestrand. No gler han seg til nok ein Balejazz-festival.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi føler at vi har eit variert og spennande program vi kan presentere. Det er jo alt frå Bjørn Eidsvåg til lokale artistar som Thea Hjelmeland og Kjartan Lauritzen, fortel Sigurd Kvikne.

I Kjartan Lauritzen er som kjend sønene hans Per Áki og Theodor med, og pappa Sigurd gler seg stort til å oppleve dei på nært hald – no som nasjonale rapstjerner.

– Det er klart at eg synest det er kjempekjekt. Dei har gjort det så bra og har kome seg på langt større scener enn det Balejazz har. Det er veldig kjekt og prisverdig at dei har lyst å spele på Balejazz. Eg har klart å få overtalt dei til å kome.

– Så det er ikkje slik at dei må jobbe dugnad før og etter konserten?

– He he, det er nesten slik.

Kjartan Lauritzen

PÅ HEIMEBANE: Theodor og Per Áki Sigurdsson Kvikne kjem til Balestrand som Kjartan Lauritzen.

Brei festival

Som dei fleste andre festivalar i Noreg er Balejazz avhengig av eit breitt og folkeleg program for å sikre økonomien.

– Det er heilt avgjerande for at vi klarar å overleve økonomisk. Vi kan ikkje vere kjempesmale.

Men trass det, så har Balejazz også ei rekkje sterke jazznamn på programmet i år.

Mellom anna skal Nils Petter Molvær skal spele i den engelske kyrkja og den norske jazzvokalisten Rebekka Bakken er klar for Balestrand.

Jubileum neste år

Eit musikalsk høgdepunkt blir det også når lett legendariske Lava tek med seg den danske souldronninga Hanne Boel på scena.

– Det var jo faktisk ein legendarisk konsert på Balejazz då dei spelte i lag for ein del år sida i Bygdahuset. No klarte vi å tromme dei saman igjen og det blir veldig spennande. Det som også er kjekt er at Lava nettopp har vore i København og spelt inn nytt materiale, fortel Kvikne.

Han laga til den første Balejazz-festivalen i 1990 saman med dåverande kultursjef Jon Skjerdal, og til neste år feirar dei stort 30-jubileum. Festivalen lever i beste velgåande, konkluderer Kvikne.

– Eg har vel byrja å reflektere over å overlate det til nokon andre. Men så lenge ein føler seg ung, frisk og rask, så får vi halde ut litt til.

Hannne Boel

DANSK DYNAMITT: Hanne Boel spelar på Balejazz saman med Lava.

Nils Petter Molvær

KYRKJEKONSERT: Nils Petter Molvær.

Foto: Kaspar Fuglesang / NRK
bjørn eidsvåg

OPNAR: Bjørn Eidsvåg har opningskonserten på årets utgåve av Balejazz.

Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix