Hopp til innhold

Hotelldirektør kler seg ut som parkeringsvakt ved eige hotell

Eigaren ved Videseter Hotel i Stryn kler seg ut som parkeringsvakt for å gi turistar bøter.

Videseter hotell

HOTELL I SÆRKLASSE: Videseter hotell på Strynefjellet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Ei skjelsetjande og ubehageleg oppleving, seier turist Svein Dehli etter å ha fått parkeringsbot ved hotellet.

– Turistfiendtleg

Dehli og kona fekk sjokk då dei tok turen over den nasjonale turistvegen på Strynefjellet.

Ved Videfossen vart ekteparet overraska av ei vakt med uniformslue som kravde 500 kroner i bot.

Toalett og mobil-bråk

Hotelldirektør Per Garen som driv hotellet har tidlegare blitt omtalt over heile landet fordi han har nekta turistar å gå på toalettet.

Tidlegare i sommar skapte Garen overskrifter då han fekk rive ei mobilmast som stod på sin eigedom. Dermed mista både Telenor og Netcom dekninga i området ved Gamle Strynefjellsveg.

Garen sa då at dette skjedde fordi han frykta stråling, at han skal bygge om, og fordi han generelt hadde eit dårleg tilhøve til operatørane.

– Eg har aldri opplevd liknande. Eg er sjokkert, sa Telenor sin dekningsdirektør Bjørn Amundsen til NRK.

Telenor må no setje opp ei 30 meter høg mast i nærleiken av turistvegen, det kan ta 18 månader før den står klar.

Hadde byta til resepsjonsklede

Forundra vart også ekteparet Dehli då dei stoppa ved hotellet på vestsida av Strynefjellet.

– Vi vart brått merksame på ein person som nærma seg bilen vår. Vi ser straks at dette er ein parkeringsvakt, han har uniformsutstyr og avansert utstyr.

Ekteparet fekk 500 kroner i bot på den elles heilt aude parkeringsplassen. Lettare irriterte gjekk dei inn på hotellet.

– Der ser vi altså ikkje parkeringsvakta. Det vi ser er mannen i resepsjonen, som då ha byta ham til resepsjonist som skal ta imot turistar. Han svarar med noko sånt som at «Kan du gå inn på Vinmonopolet, ta ei flaske vin og gå ut att, utan å betale?». Eg tykkjer den parallellen var litt spesiell, seier Dehli.

Garen vil sjølv ikkje kommentere saka, utover at han sjølv har brukt mykje pengar på parkeringsplassen – og at han difor vil ha noko igjen for dette. Området er også skilta slik at turistane skal vere klar over at ein må betale 20 kroner i avgift.

– Uhøyrt

Den arkitektteikna utsiktsplattformen ved Videfossen er prislønt og bygd og eigd av Statens vegvesen. Likevel krev hotelleigar Per Garen avgift.

Dette er ein uhøyrt praksis meiner Dehli.

– Vi kunne parkert oppe på vegen rett før innkøyringa til hotellet. Ingenting ville ha skjedd, seier bilturisten.