Hopp til innhold

Hotelldirektør seier nei til utelivsfotografering

Hotellet har fått nok av utelivsfotograferinga til lokalavisa, men redaktøren seier dei vil halde fram som før.

Montasje: Trondheim Metal Fest/Odd Erik Gullaksen

VERE TRYGGE: – Vi ynskjer at gjestane våre skal kunne gå ut og kose seg, og vere trygge på at dei ikkje blir tatt bilete av, seier Odd Erik Gullaksen. Baren er frå ein bildeserie på Trondheim Metal Fest, publisert på NRK P3.

Foto: Erlend Lånke Solbu/Elias Håvarstein / NRK

– Vi ynskjer at gjestane våre skal kunne gå ut og kose seg, og vere trygge på at dei ikkje blir tatt bilete av, seier Odd Erik Gullaksen.

Han er direktør ved Scandic Sunnfjord Hotel, der utestaden «Larris» ligg. Ved ulike arrangement troppar lokalavisa Firda opp for å legge ut bileteseriar av folk på byen.

No har hotelldirektøren fått nok.

– Vi har bede avisa om å slutte. Vi har fått tilbakemeldingar over tid om at ein god del av gjestene ikkje er komfortable med denne praksisen.

Den journalistiske sjangeren «sjå kven som var på byen i helga» har lenge vore omstridd.

– Det er noko rart med norske nettaviser. Det du aldri ville funne på å trykke i ei papiravis vert dyrka som stor journalistikk på nettet. Kva som er vesentleg, kreativitet og etikk vert kutta ut når målet er flest moglege klikk, uttalte Lars Kise, då han tok over som sjefredaktør i Edda-avisa Varden i 2008.

Han valde å kutte ut heile sjangeren.

Nektar å gjere som hotelldirektøren seier

Men sjefredaktør i Firda, Kai Aage Pedersen, vil ikkje gi seg. Han meiner hotelldirektøren er på ville vegar.

– Dette likar eg veldig dårleg. Dette er noko media alltid har gjort når vi dekker kulturarrangement, fotballkampar og konsertar. No har det teke nokre nye former, og lesarane til Firda set veldig stor pris på desse biletegalleria, seier Pedersen.

Kai Aage Pedersen

NEKTAR Å LA SEG STYRE: – Eg tenker at direktøren kan drive hotell og konsertar, så skal eg redigere Firda, seier Kai Aage Pedersen, redaktør i Firda.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Han varslar at avisa ikkje vil rette seg etter kravet frå Gullaksen.

– Eg tenker at direktøren kan drive hotell og konsertar, så skal eg redigere Firda, seier Pedersen.

– Kan ein risikere at dette blir så tilspissa at dine medarbeidarar blir avviste i døra?

– Eg reknar med vi har tilgang på denne typen arrangement som alle andre

Pedersen seier avisa har lagt ut over 2.000 ulike bilete frå små og store hendingar i dekningsområdet, men at dei ikkje har fått negative tilbakemeldingar.

– Praksisen i Firda er at vi får godkjenning av alle som er med på bileta, vi skriv ned namna, og vi passar på om folk er rusa. Folk strøymer rundt fotografane våre for å bli med i desse galleria. Så at dette er ei stor utfordring har eg vanskeleg for å skjøna.

Meiner god folkeskikk og presseskikk bør halde

Jurist i Norsk Presseforbund, Kristine Foss, meiner det er lokalavisa si soleklare rett å sleppe inn på utestadar.

– Det kan vere av stor interesse for mange å ha oversikt over kva som skjer i utelivet, og lokalavisa er limet i samfunnet.

Ho meiner eit forbod er altfor drastisk, og seier slike ting løyser seg fint om ein berre spør folk om lov til å ta nærbilete.

– Er det eit problem at folk kjem i avisa utan å ville det, kan det bli ordnast innan både presseskikk og folkeskikk. Forbod er ikkje vegen å gå, seier Foss.

Kristine Foss, jurist og rådgiver i Norsk Presseforbund

RETT: Jurist i Norsk Presseforbund, Kristine Foss, meiner det er lokalavisa si soleklare rett å sleppe inn på utestadar.

Foto: Norsk Presseforbund

På same tid er eit hotell ei privat verksemd, og kan til dømes setje opp skilt med fotoforbod.

– Det er ikkje noko vi er glade for. Særleg ved arrangement av offentleg interesse, då bør ein jo ut frå ein ytringsfridomsperspektiv få moglegheit til å dekke det.