Dagleg leiar på Sande Kro & Hotell, Per Kapstad, vil no melde saka til politiet. - Vi vil melde dette til politiet, men eg tvilar på at det er så mykje hjelp i det, seier han.
Skulle ordne opp
Det er Firda som skriv om korleis fleire hotell og butikkar har opplevd at representantar frå ålesundsfirmaet Norsk Stigesalg og vedlikeholdsservice stikk av frå rekninga. I tillegg til Sande Kro & Hotell vil no også Vadheim Fjordstue og Hotell melde saka. For Sande kro og motell kom gjestane på besøk søndag kveld.
- Om morgonen var dei vekke, og vi prøvde å få tak i dei på telefon. Dei melde seg seinare på kvelden og sa at dei skulle komme tilbake for å ordne opp. Men det har ikkje skjedd, fortel Kapstad.
Tvilsam betalingshistorikk
Ein sjekk som NRK Sogn og Fjordane har gjort på selskapet Norsk stigesalg og vedlikehaldsservice, viser at betalingshistorikken til selskapet er tvilsam. Kredittvurderingsselskapet Dun & Bradstreet skriv svart på kvitt at dei rår frå kreditt til ålesundsselskapet. Dei beskriv betalingserfaringa som dårleg, økonomien svak og eigaren tvilsam.
- Få betaling på forskot
Difor har Kapstad denne anbefalinga til andre overnattingsstadar som får representantar frå selskapet på besøk.
- Få betaling på forskot for minst to døgn, seier han.
NRK har ikkje vore i stand til å kome i kontakt med representar frå selskapet Norsk Stigesalg og Vedlikehaldsservice.