Hopp til innhold

Hotel Mundal må halde sommarstengt

Omfattande oppussing av Hotel Mundal i Fjærland fører til at hotellet truleg blir stengt to somrar på rad.

Hotel Mundal i Fjærland

BLIR STENGT: Det ærverdige Hotel Mundal i Fjærland får ingen gjester denne sommaren. Kanskje heller ikkje neste.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Den lange tradisjonen med å opne hotellet for sommar blir broten i år, står det på Facebooksida til hotellet.

Det ærverdige hotellet ligg i Mundal ved Fjærlandsfjorden. Bygningen er i drage- og sveitserstil, og historia til hotellet strekk seg tilbake til 1850-talet då dei første turistane kom for å fiske laks.

I haust fortalde hotelleigar Ola Moe at han ville frede hotellet og gi det tilbake mykje av den opphavlege utsjånaden, og at han ville ruste opp for fleire titals millionar.

– Vi ser for oss at den totale summen blir mellom 10 og 30 millionar, fortalde han.

Eigaren: Det kan ikkje utsetjast

No ser det ut at oppussinga tek lengre tid enn rekna med. På Facebook-sida står det at vedlikehaldet gjennom haust og vinter har avdekka behov for omfattande utbetringar som ikkje kan utsetjast.

Det står også at foreløpig plan er at hotellet vil halde stengt for gjester i både 2018 og 2019.

Eigar Ola Moe skriv i ein e-post til NRK at han ikkje har nokre kommentarar til saka utover det som står på Facebook.

Håper på vinterope

Leiar Hans Haugen i Fjærland bygdautval seier han forstår at det er mykje arbeid som må gjerast med hotellet.

– Eg forstår at det blir ein pause, men han kjem tilbake med eit renovert hotell. Vi håper vi får tilbake eit hotell som også har ein del vinterope, slik at det blir heilårsdrift.

Hotellet er viktig både for bygda og dei som treng overnattingsstad.

– Hotellet har hatt ei kafetilbod som Bokbyen har drege nytte av. Men det finns andre overnattingsstader i Fjærland og vi har andre kafear, så det er ikkje er heilsvart. Men det kan bli tungt å byggje seg opp att.

– Trur du turistane som kjem blir skuffa?

– Alle vil jo ha eit bilete av hotellet. Vi har vore i kontakt med eigaren om uteområdet, slik at det ikkje gror att på plenar og hekkar. Vi hadde håpa vi slapp to sommarstengingar, men no får vi det tilbake i renovert og fornya drakt.

Tykkjer det er synd

Ved Brevasshytta i Fjærland ventar Jo Marius Bøyum og turistane på at Hotel Mundal i Fjærland opnar.

DRIV BREVASSHYTTA: Jo Marius Bøyum

Foto: Eirik Hildal

Ved Bøyabreen i Fjærland driv Jo Marius Bøyum serveringsstaden Brevasshytta. Han tykkjer det er synd at hotellet blir stengt.

– Alle som driv med reiseliv er avhengige av kvarandre. Mange har høyrt om Mundal hotell. Det dreg vi andre nytte av, og omvendt. Men av og til må ein halde stengt for å pusse opp, og det blir bra å få eit nyoppussa hotell, seier han.