Normal

Hoseth og Diouf senka Sogndal

Molde heldt til tider leikestove med Sogndal til heimepublikumet si store glede. Med glitrande mål av Pape Paté Diouf og Magne Hoseth held jubileumsfesten fram.

Magne Hoseth (t.h.) scoret Moldes tredje mål mot Bodø/Glimt.

MÅLSKÅRAR: Magne Hoseth (t.h) sette spikeren i kista då dei tok i mot Sogndal på Aker Stadion søndag ettermiddag. (Biletet er frå kampen mot Bodø/Glimt).

Foto: Vanderloock, Anders / SCANPIX

På ei glatt og sleip bane er det heimelaget som kjem best i gang på Aker stadion. Sjølv med ekstra sjølvtillit etter sigeren over Haugesund for berre nokre dagar sidan, vil det seg ikkje heilt for Sogndal.

Molde som har 100-årsjubileum har allereie starta feiringa og eit resultat i deira favør er truleg ikkje noko dei vel 11 000 blå og kvite på tribunene seier nei, takk til.

Vil, vil, men får det ikkje til

Sogndal held likevel unna for tabelltoaren og Ole Jørgen Halvorsen klarar nesten å servere Ulrik Flo ein målsjanse, men Moldeforsvaret får klarert vel ti minutt inn i kampen.

Etter 20 minutt er det Ørjan Hopen som dundrar ballen rett i fleisen på Molde-keeper Espen Bugge Pettersen.

Det som kunne blitt eit mål for gjestene blir til ingenting og etter dette er det Molde som tek over meir og meir av kampen.

Åleine med keeper

Men det vanskelege banedekket betyr trøbbel for begge lag og det er ikkje før etter 40 minutt at jubileumspublikumet kan sleppe jubelen laus.

Pape Paté Diouf kjem åleine med Kenneth Udjus i Sogndalmålet. Ein duell som endar med at Udjus må plukke ballen ut av eige nett til stor jubel frå dei blå og kvite.

Molde styrer showet

Sogndal kjem tilbake i starten av andre omgang, men det innoverskrudde frisparket går langt over mål. Ein typisk sjanse som Sogndal må utnytte betre om dei skal unngå å kjempe heilt i botnen utover sesongen.

Etter dette er det stort sett Molde som styrer showet. Likevel klarer dei ikkje å skape dei heilt store sjansane framfor mål.

Det gir Sogndal sjansen og vel halvvegs i andre omgang frå gjestene to sjansar på corner. Til stor frustrasjon for dei svartkledde ryddar Molde opp, men Barry Kader er ikkje ferdig for dagen. Åleine med Keeper vert avslutninga for dårleg og plutseleg er det i andre enden av bana at det blir skummelt.

Trampeklapp for heimelaget

Etter 78 minutt vert for mange av Sogndalsspelarane opptekne av å hamle opp med Daniel Chima Chukwu ute på høgresida. Samtidig listar Magne Hoseth seg inn framfor mål, og då han får ballen er han åleine med keeper. Frå 18 meter klinkar han ballen rett i mål – Molde er i føringa 2-0.

Store delar av resten av kampen er reine oppvisninga frå Molde si side. Med nesten 11 000 kvite og blå i ryggen på tribuna er Moldespelarane fleire gonger berre hårsbreidda frå å legge på til 3-0.

Sogndal gir likevel ikkje opp jakta på redusering og har eit farleg frispark berre minutt før full tid.

På tribuna startar heimepublikummet med trampeklapp ved full tid og då kampen vert blåst av er det klart at jubileumsklubben har fått meir å feire.

Taper for topplag

Sogndal-trener Harald Aabrekk var etter kampen imponert over det Molde presterer.

- Vi møter eitt av dei beste heimelaga i eliteserien, seier Aabrekk som meiner Molde vann fortent.

Etter to perleskåringar på sin eigen 100-årsdag plasserer Molde seg no på tabelltoppen. Det etter at dei har vunne sju av dei siste ni kampane.

- Vi slepp inn to veldig fine skåringar og det kan eg leve med, seier Aabrekk.

Vegopning på Bergum i Førde kommune