Hopp til innhold

Hos Torleiv (80) er det høyonn i november

Han held tradisjon og musklar i hevd, den driftige geitebonden frå Vik. Og høytørka i november, den er Torleiv Magnar Otterskred (80) strålande nøgd med.

Torleiv Magnar Otterskred på garden Notaberget

HESJE I NOVEMBER: På garden Notaberget har Torleiv Magnar Otterskred hesja, sjølv om det er langt utanfor vanleg sesong.

Foto: Lars Jonas Pedersen

– Graset bør vera tørt no, meiner han, og lovprisar det gode vêret han har vore signa med dei siste dagane.

Det nærmar seg desember, og 80-åringen meiner at no bør den siste hesja i hus. Nesten fire månader seinare enn normalt.

– Eg plar ikkje slå graset så seint som i år, forsikrar han.

Vanleg å vera ferdig i juli

– Dette er no ingenting, meiner systera Klara, og skjønar ikkje fullt ut fascinasjonen for graset som heng til tørk.

– Kom på besøk til sommaren heller, så er det meir å sjå på her! lover ho, men broren vedgår at det kan hende er litt spesielt med siste hausting på denne årstida.

Vanlegvis vert denne jobben gjort i juli. I den grad at det vert gjort i det heile lenger.

– Det er nok ikkje så mange som tørkar graset slik lenger, reflekterer han.

– Dei fleste pakkar no i slike rundballar og silo veit du.

Men Torleiv set sin lit til gamlemåten. Han har vore geitebonde sidan 1940, og produserer dyrefôret sjølv. Han og systera Klara (88) bur på garden Notaberget, like ved Otterskred i Arnafjorden, med ein liten flokk geiter, og slett ingen brysomme naboar.

Vil du innom på kaffi så må du ut i båt, for garden har ikkje bilveg.

Torleiv Magnar og Klara Otterskred

BESØK PÅ KAIA: Torleiv og Klara Otterskred får levert varer og post med skyssbåten Tansøy.

Foto: Svein R Vindedal

Held seg frisk med arbeid

– Faktisk ganske imponerande! seier Nils Jørgen Mo, lærar i planteproduksjon og driftsleiar i gartneriet ved Mo jordbruksskule. Han siktar til både innsatsen, hesja, og det tørre høyet – to veker før advent!

Han hugsar hesjing som ein sommarleg jobb frå barndommen.

Og meiner det er relativt spektakulært å ta inn siste hesja i november.

– Det er vel eigentleg mest vanleg å gjere det på første slåtten, frå juni og til juli kanskje, om ein driv med hesjing.

Har aldri høyrt om slått så seint

– I år har me jo hatt eit spesielt ver, så det har gått an, men vanlegvis har me jo hatt både frost og snø på denne tida, seier Mo.

– Det har vore varmt og fint heile hausten, så til og med etter andreslåtten har graset vakse opp igjen. Men dess seinare ein slår, dess meir fukt er det i graset som må ut, så det krevst ein heil del tørke når ein slår så seint som dette.

Grunna den varme sommaren så kom første og andre slått tidleg, og mange har også fått til ein tredje slått i september. Dette er seint ifølge Mo. Men november-slått, det har han ikkje høyrt om.

– Oktober er vel den siste eg har høyrt om, seier han.

Garden Notaberget ved Otterskred i Arnafjorden

TRENG BÅT: Garden ligg i Arnafjorden i Vik kommune. Her må ein ha båt for å komme til gards.

Foto: Lars Jonas Pedersen

– Høyrer gamle dagar til

Han forklarer at det går ut over kvalitet og næringsinnhald i graset å slå så seint, men at det er heilt greitt som dyrefôr.

– Også det at han har greidd å få det i hus før det vart øydelagd, det er jo veldig spesielt. Eg har sjølv vore med på å hesja heime etter ein andreslått i august, og sjølv då var det vanskeleg å få det tørt nok.

– Og kor vanleg er det eigentleg å hesja no til dags?

– Det er det svært få som gjer, det er forholdsvis arbeidskrevjande, og i den grad ein driv med høyproduksjon så er det vanlegast med flattørke på bakken.

Dette kjem an på vêret, understrekar han, då flattørke krev betre forhold, og ofte ettertørking i ein høyttørkar på låven.

– Hesjing var noko ein gjorde før i tida, då ein ikkje hadde så mykje silo og rundballar. Ikkje å mange hadde høyttørkar heller, så då var hesjing einaste alternativ når vêret er slik som det er her hos oss, med mykje nedbør.

Sunt med arbeid

Nostalgi er nok grunnen til at enkelte framleis hesjer, trur Mo, og understrekar at det er tungt og arbeidskrevjande. Han meiner det er beundringsverdig at ein 80 -åring hesjer høyet sitt heilt på eiga hand.

Torleiv sjølv meiner hardt arbeid er ein glimrande måte å halde ein årgangs-kropp sunn og sprek.

– Nei, eg må jo ha noko å gjera for å halde meg frisk. Nokon spurte meg ein gong om kor lenge eg ville halda på med dette. Til eg er 150 år, svara eg! Hehe...