Hopp til innhold

HORNINDAL: Ap dobla oppslutninga

Arbeidarpartiet gjer eit svært godt val og går fram heile 13 prosentpoeng i Hornindal. Likevel er Sp framleis det klart største partiet når det skal forhandlast om ordførarstolen.

Ap Hornindal

GLISTE BREITT: Ap -politikarane kunne glise breitt i Hornindal i kveld. Frå venstre: Hilde Mjåtveit Lødemel, Randi Langlo, Lars Alf Haugen.

Foto: Privat

Vallogo

– Det er kjempebra. Det er stas. Det er gledeleg, seier listetopp for Ap, Randi Langlo, på leit etter dei retta orda etter brakvalet i Hornindal,

På ein måte kan ho puste letta ut når dei går fram frå 11,3 til 24,9 prosent og fram frå to til fire representantar i kommunestyret.

– Vi var modige i det vi sa i valkampen, og no slår det til. Det skal bli spennande vidare.

– Kva meiner du med spennande – går de for ordførarmakt no?

– Vi har ikkje inngått noko samarbeid på førehand. Valresultatet gjer at det kan blir mange ulike konstellasjonar. Vi har noko å forhandle med. Men eg kan ikkje seie noko om ordførarposisjonen no, seier Langlo.

Her kan du lese alle resultata frå Hornindal, og her kan du sjå valsendinga til NRK og finne resultat frå alle kommunar etter kvart som dei blir klare.

Valvake Hornindal

VALVAKE: Her er politikarane i Hornindal samla til valvake.

Foto: Eldar Engelund

Mellomnøgd Senterparti-leiar

Senterpartiet sin toppkandidat, Eldar Engelund, er både nøgd og misnøgd med resultatet.

– Vi hadde sju representantar. Det ser no ut til at vi går ned til seks. Vi hadde som mål å bli største parti, og er nøgd med å bli det. Men er ikkje nøgde med å tape eit mandat. Ap gjorde det dårleg i 2011, så det er ikkje uventa at dei gjekk fram i år, seier han.

Han vil ikkje spekulere i kva parti som sit att med ordføraren etter forhandlingar. I tillegg trur han det kan kome endringar når alt er heilt klart.

– Eg skal på jobb klokka seks i morgon, har ikkje tenkt å sitte oppe. Eg tvilar på det blir avklart i kveld. Det er veldig mykje endringar på listene, både med personstemmer og slengarar. Det blir ein god jobb før det endelege resultatet er klart, seier Engelund.