Hopp til innhold

Hornindal ser nordover

– Vi har fått eit klart svar frå Volda om at vi er ynskte, seier ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel.

Stig Olav Lødemel

KOMMUNESAMSNSLÅING: Klart fleirtal i Volda for samanslåing med Hornindal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tysdag sa kommunepolitikarane i Volda med 20 mot sju røyster ja til samanslåinga med Hornindal.

– I Hornindal ser vi at vi får gode tenester, men eg er vel blitt styrka i trua på at det er alternativet nordover som peikar seg ut som det mest aktuelle, seier Lødemel.

Volda har også tidlegare vedteke samanslåing med Hornindal, men det skulle først skje at det var gjennomført folkerøysting. Det skapte sterke reaksjonar i Hornindal, og førte til at det vart kalla inn til nytt møte, der det tirsdag ettermiddag vart vedtatt sammenslåing utan folkerøysting.

No er det opp til Hornindal

Tysdag skal Hornindal handsame saka i formannskapet før kommunestyret tek endeleg avgjerd på torsdag.

Ei uformell undersøking som Lødemel har gjort blant politikarane i Hornindal, syner at det er fleirtal for samanslåing for Volda.

– Dersom det står seg, så kan det sjå slik ut. Eg baserer det på nokre gruppemøte som var måndag kveld, der eg fekk tekstmeldingar om kva dei ulike gruppene meinte, seier Lødemel.

Mykje kan skje

Men Lødemel peikar på at ingenting er bestemt før det er bestemt, og at mykje kan skje før kommunestyremøtet torsdag. Og at mykje kan skje vart meir enn tydleg då kommunestyret i Gaular handsama kommunereforma tysdag ettermiddag.

I nokre få dramatiske minutt såg det ut til at kommunereforma i Sunnfjord skulle havarere. I ei prøverøysting i Gaular kommunestyre sa dei fyrst nei til å slå seg saman med Førde, Naustdal og Jølster. Men det endelege vedtaket vart ja til samanslåing, med knappast mogleg margin. 11 mot 10 røyster.

– Eg trur nok vi kan oppleve det same i Hornindal og, at her er ingenting bestemt før det er bestemt. Det kan nok bli «close race», men no har vi fått eit tydleg signal frå Volda, slik at dei som har meint at Volda har vore utydelege ikkje kan bruke det som argument. No får vi berre vente og sjå, seier Lødemel.