NRK Meny
Normal

Hornindal forlet Sogn og Fjordane, og sa ja til Volda

GRODÅS (NRK). Kommunestyret i Hornindal har mot seks røyster sagt ja til å gå saman med Volda kommune. Dermed mister Sogn og Fjordane og Nordfjord 1200 innbyggarar, medan Møre og Romsdal utvidar seg.

Avrøysting i Hornindal

EXIT: Hornindal går ut av Sogn og Fjordane, og seier nei til Stryn.

Foto: Asgeir Heumdal Reksnes / NRK

Hornindal er på veg ut av Sogn og Fjordane etter det historiske vedtaket i kommunestyret i Hornindal i dag. Mot Sp sine seks røyster gjekk Høgre, Ap og Venstre inn for å droppe Stryn og velje Hornindal.

I formannskapet vart det fleirtal 3–2 for å gå til Volda. Rådmann Ann Kristin Langeland har på si side tvilt seg fram til å tilrå samanslåing med Stryn.

Stig Olav Lødemel

HANDA PÅ UNDERSKRIFTENE: 266 underskrifter er levert inn til kommunestyret.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ei innbyggarundersøking viste klart fleirtal blant honndølene for ei storkommune Stryn – Hornindal – Volda, men Stryn vil ikkje slå seg saman med Volda. Innbyggarane i Hornindal var i undersøkinga heilt delte i synet mellom Stryn eller Volda. Valet stod mellom Stryn eller Volda, og honndølene har landa på Volda.

Ordføraren kritiserte Sogn og Fjordane

– Det har vore ein lang og krevjande prosess, seier ordførar Stig Olav Lødemel (H). Han var den fyrste på talarstolen

– Eit problem med å tilhøyre Sogn og Fjordane er fylkesgrenseproblematikken. Om ambulansen kjem og hentar deg i Hornindal, så køyrer den ikkje deg til Eid, seier Lødemel.

– Fylkesveg 60 til Stranda er eit kjempeproblem for den viktigaste arbeidsplassen vår Ekornes. Sogn og Fjordane viser manglande vilje itl å satse i Hornindal, vi har ein og ein halv statleg arbeidsplass i Nav.

– Prosessen fram til i går kveld har vore ryddig. Høgregruppa står heilt fritt i spørsmålet om Stryn eller Volda, saka har ikkje noko med partipolitikk å gjere i det heile teke.

– Austefjorden og Bjørke kan vere eit område vi i felleskap kan utvikle.

Edvin Haugen sa deretter at høgregruppa er samla for å slå seg saman med Volda

Sp gjekk for Stryn

Eldar Englund frå Sp varsla at gruppa gjekk samla inn for å slå seg saman med Stryn.

– Det kan fort bli gravøl over Hornindal kommune i kveld, seier Englund som minner om alt det kommunen har fått til opp gjennom åra.

Eldar Englund

VIL TIL STRYN: Eldar Englund frå Sp meiner Hornindal er best tent med å slå seg saman med Stryn.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Sjølv eg som den mest innbarka honndalspatriot ser at brura må gifte seg no før ho blir for gamal. Vi må ta eit val, og vi må vekte for og i mot, seier Englund.

– Regionar og fylker har lite med denne saka å gjere, at Hornindal går nordover fører nok berre til ei lita grensejustering, seier Englund som motsvar til at Lødemel vil utfordre fylkesgrensene.

– Når det gjeld helse har det vore eit voldsomt engasjement frå fastlegane i kommunen. Nesten på grensa til kva som eigentleg er innanfor faget deira. Det er vanskeleg for oss i kommunestyret å argumentere mot legane.

Englund peikar på at Stryn og Hornindal innan ei rekkje områder kjem betre ut enn Volda på kommunebarometeret.

Englund meiner det er grenser for kor mykje vekt ein kan legge på at bygdene ved Austefjorden blir ein del av same kommunen.

– Dei fleste som bur i Austefjorden jobbar i Volda, det er ikkje utenkeleg at foreldra ynskjer at borna blir frakta i retning Volda, framfor sørover.

– Vi kjenner stryningane på godt og vondt. Med fare for å fornærme nokon, eg trur det er større sjanse for at innbyggarar i Hornindal krins vil engasjere seg politisk om vi går saman med Stryn. Det er ein stor fordel at vi kjenner kvarandre når ein jobbar med politikk.

Ap går for Volda

Varaordførar Randi Langlo (Ap) seier Arbeiderpartiet i Hornindal går for å slå seg saman med Volda.

– Vi skal vidareutvikle samarbeidet med Stryn, men vi går for Volda. Fylkesveg 60 er ei sak som viser at vi ikkje får hjelp frå Sogn og Fjordane, vi møter ei heilt anna haldning frå Møre og Romsdal. Hornindal Ap meiner at ved å velje Volda blir ein del av ein stor og sterk region, som er sterke på mange fagfelt.

Venstre vil nordover

Brynhild Lund Notøy vektar for og i mot i debatten om Stryn eller Volda.

– Det er ikkje berre Ekornes som har problem når det gjeld den dårlege Fv 60 mellom Hornindal og Stranda. Vi vil ha større sjanse for å få rusta opp vegen som ein del av Møre og Romsdal.

– Vi går for samanslåing med Volda, men meiner det må vere formålstenleg å samarbeide med Stryn innan ei rekkje områder.

Ikkje folkerøysting

  • Politikarane har avslått kravet om folkerøysting frå 266 honndøler. Ordføraren har sagt han er kritisk til at initiativet kjem så seint. Tidlegare har komunestyret sagt nei til rågjevande folkerøysting. Senterpartiet sine seks politikarar ville ha saka opp til folkerøysting, resten av kommunestyret røysta mot.

Brynhild Notøy (V) meiner kravet kjem for seint i prosessen. Ap meiner det vil vere uheldig å utsetje saka, og meiner ein må ta eit val no Per Maurset (Ap) fryktar ein bygdestrid som varar i fleire månader, og som ikkje tener nokon av partane i saka. Thore Heggen (H) meiner kravet om folkerøysting liknar på ein omkamp, og vil ikkje ha folkerøysting.

Ordførar Stig Olav Lødemel (H) vil ikkje ha folkerøysring no, og meiner kommunestyret er skikka til å ta valet.

– For innbyggarane dreiar det seg ofte om kjensler, familieband, kjærestar og ektefeller, seoer Lødemel. Det kunne vore nærliggande å tru at for firmaet mitt sin del burde eg ha gått for samanslåing med Stryn, sidan eg har kundane mine der. Men her må vi ta omsyn til kva som er best for kommunen. Vi må balanserre ting, vi kan ikkje legge relasjonar til grunn i denne saka heller, seier Lødemel.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.