– Når det store fleirtalet går inn for riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og «Hordalandsdiagonalen», for å sjå Vestlandet under eitt, er sjansane våre styrka, seier Oddvar Flæte, sekretariatsleiar i Interesseselskapet for riksveg 52 Hemsedalsfjellet.
Det den tidlegare fylkesmannen i Sogn og Fjordane snakkar om, er den store vegkampen på Vestlandet denne våren: Kva skal bli den nordlege hovudvegen mellom aust og vest – riksveg 52 over Hemsedalsfjellet eller riksveg 7 over Hardangervidda?
NRK har gått gjennom høyringsfråsegnene i aust-vest-saka. Dei viser at i Hordaland, heimfylket til Hardangervidda, vender mange kommunar ryggen til Vidda som stamveg:
- Bergen, Samnanger, Fusa, Kvinnherad, Jondal, Kvam og Odda kommunar (farga blått på kartet under) vil ikkje ha riksveg 7 som aust-vest-stamveg. Dei vil heller byggja «Hordalandsdiagonalen» - ein vegarm som går diagonalt frå Bergen til Odda, og som koplar seg på E134 over Haukeli - og ber om ei såkalla konseptvalsutgreiing (KVU) av ein slik veg.
- Granvin, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang kommunar (raudt) vil har riksveg 7 som stamveg. Ullensvang vil i tillegg ha «Hordalandsdiagonalen».
- Voss kommune (grønt) si fråsegn er tvitydig: Vossingane vil rusta opp riksveg 7 til heilårs riksveg, men seier ikkje at dei vil ha han som stamveg eller hovudveg mellom Aust- og Vestlandet.
- Resten av kommunane i Hordaland (gult) har ikkje sendt inn høyringsfråsegn.
(Artikkelen held fram under kartet.)
Under fen prosent
– Det er få som sluttar opp om riksveg 7 i Hordaland, mindre enn fem prosent av folketalet i fylket, seier Flæte.
Statens vegvesen har i to omgangar vraka Hardangervidda og tilrådd at Hemsedalsfjellet skal vera den nordlege hovudvegen, og der E134 over Haukeli skal vera den sørlege, noko regjeringa òg vedtok i desember 2015.
- Les òg:
– Den viktigaste årsaka er at E134 og riksveg 52 saman betener ein størst del av Vestlandet og Austlandet, sa prosjektleiar Morten Ask i Statens vegvesen då han la fram anbefalinga om Hemsedalsfjellet i fjor.
Bergen snudde
Bergen kommune har snudd i stamveg-saka: I april 2015 ville storebror i vest med 277.000 innbyggjarar ha riksveg 7. Men sidan den gongen har Bergen Høgre mista makta, og det nye styret med Arbeidarpartiet i spissen vil heller ha «Hordalandsdiagonalen».
– Det litt skuffande, seier Anved Johan Tveit, ordførar i Eidfjord kommune og styreleiar i interesseselskapet Hardangerviddatunnelene, som kjempar for Vidda som ny aust-vest-stamveg.
Sjølv om mange kommunar i Hordaland ikkje vil ha Hardangervidda som hovudveg, ser Tveit noko positivt i høyringsfråsegnene:
– Me er glade for at alle peikar på at villreinen sine interesser må takast omsyn til, og den einaste moglegheita for å gjera det, er å få ein prioritert veg, seier Tveit.
Vrakar òg Hemsedalsfjellet
Det er Stortinget som skal avgjerda denne vegbataljen, truleg som ein del av Nasjonal transportplan i juni.
Fredag er ein viktig milestolpe når ei ekspertgruppe nedsett av Samferdsledepartementet, skal konkludera om Statens vegvesen sine aust-vest-utrekningar held mål eller ikkje.
- Les òg:
Og sjølv om eit fleirtal av Hordalands-kommunane ikkje peikar på Hardangervidda, vil fleire av dei heller ikkje har Hemsedalsfjellet, men derimot E16 over Filefjell. Det gjer like fullt ikkje Flæte uroleg:
– Hordaland jobbar primært for sitt område, og der er dei tydelege. Nordover gir dei signal utan å leggja all verdas arbeid i det. Det tel langt meir at over 250.000 menneske på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane, og dei store næringsorganisasjonane, støttar riksveg 52.