Hoppar bukk over Anda-Lote

Styret i Kystvegen Ålesund–Bergen meiner ferjefri stamveg både i ytre og indre delar av Nordfjord gir størst nytte.

Planlagd bru over Nordfjorden.

BORTKASTA: Styret i Kystvegen meiner bru mellom Anda og Lote berre vil vere av lokal betydning i framtida.

Foto: Montasje: Aas-Jakobsen.

Det kjem fram i ei fråsegn som styret vedtok torsdag kveld. Styret meiner ferjefri E39 via Stryn må kombinerast med ferjefri kystveg i ytre Nordfjord.

– Mellom Bergen og Ålesund går E39 i indre fjordstrøk utan kontakt med industrimiljøet på kysten, stamnettshamnene Mongstad, Florø og Måløy eller med nasjonale kraftsentra som Mongstad og Ulsteinregionen. Difor er Kystvegen Ålesund–Bergen eit nødvendig supplement til E39, står det i uttalen.

Felles kryssing på Møre

Statens vegvesen la nyleg fram si tilråding om ny trasé for E39 gjennom Stryn.

Styret i Kystvegen Ålesund–Bergen tilrår å justere traseen mellom Volda og Ålesund slik at Kystvegen og E39 får felles ferjefri kryssing av Sulafjorden på same måte som Nordhordlandsbrua.

– For E39 gjennom indre Nordfjord tilrår vi på kort sikt å ruste opp vegen om Stryn og tunnel gjennom Utvikfjellet). Saman med Kvivsvegen gir dette ei ferjefri kryssing som er kostnadseffektiv, har stor regional nytte og vil gi like stor innsparing i køyrelengd og køyretid som ei bru over Anda–Lote, står det i uttalen.

Vil ikkje gå over Lote

– Tilrådinga frå vegvesenet om bru over fjorden ved Svarstad kan stå som eit framtidig mål som vil gi størst innkorting av E39 og vil ha nytte av investeringane som blir gjort i den kortsiktige løysinga, held uttalen fram.

Styret peikar på at Kystvegen blir det kortaste sambandet mellom Førde og ytre Nordfjord/ytre Sunnmøre. Dei peiker på at bru over Anda-Lote vil i hovudsak ha lokal nytte.

– Mellom Førde og ytre Nordfjord vil Kystvegen Måløy–Florø bli kring 5 mil kortare enn E39. Difor vil ein del av trafikken som i dag går over Anda-Lote i forholdsvis nær framtid ikkje gå der, slår dei fast og meiner det same vil gjelde trafikk som skal eller kjem gjennom Kvivsvegen.