Hopp til innhold

«Anders er allereie veldig god. Men han kjem til å bli endå betre»

Hoppkometen Anders Fannemel var berre to meter frå å setje ny verdsrekord i første omgang, men hoppa seg ut av medaljekampen i andrehoppet. Likevel: Hoppsjef Clas Brede Bråthen lovar meir moro frå eleven.

Anders FAnnemel og Clas Brede Bråthen

HAUSTAR LOVORD: Anders Fannemel får mykje skryt av hoppsjef Clas Brede Bråthen etter innsatsen i VM-debuten.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Anders er jo allereie veldig god. Men han kjem til å bli endå betre, seier Clas Brede Bråthen.

Hoppsjefen fekk sjå eleven kline til med fantastiske 244,5 meter i første omgang, men at han svikta og landa på «berre» 179,5 meter i andrehoppet.

– Eg klarte dessverre ikkje å gjere tinga mine slik eg skal. Men eg er uansett ekstremt godt nøgd med dagen, seier Anders Fannemel til NRK.no.

Då han landa på 179,5 meter var han tydeleg skuffa.

– Ja, då var eg ganske skuffa. Men det gjekk fort over. Eg har gjort eit av mine beste hopp i dag, seier han.

Fysisk og mentalt godt rusta

Med sine 20 år har Anders Fannemel framtida framfor seg. Hoppsjef Bråthen er sikker på at vi har mykje meir moro i vente frå den unge honndølen.

– Anders har vore veldig heldig, og er fysisk godt rusta for skiflyging. Samstundes er han ein sindig kar, seier han til NRK.no.

Laurdagens to omgangar enda med 13. plass for Fannemel. Det er slett ikkje verst i ein VM-debut.

– Eg er jo veldig godt nøgd med dagen totalt sett, smiler nordfjordingen.

Pappa: – Eg har ikkje ord

Etter at media hadde fått sitt på sletta, venta mamma og pappa på VM-debutanten, begge tydeleg stolte:

Sonen hadde berre nokre timar tidlegare gjort verdas nest lengste skihopp.

– Det er litt utruleg. Har eigentleg ikkje ord for dette. Det var nok ein uverkeleg augneblink, seier Ola Rasmus Fannemel til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Fannemel

IMPONERTE: Med tidenes nest lengste skihopp har Anders Fannemel grunn til å vere nøgd med dagen, sjølv om andrehoppet vart ein nedtur.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kan ta medalje på søndag

No meiner Anders Fannemel at det er fullt mogleg å stå på 250 meter i Vikersundbakken. Om han sjølv er i stand til å gjere det, er ei heilt anna sak.

– Eg trur ikkje det. Då må eg i så fall ha 100 prosent klaff, seier han.

Og: Søndag er det laghopping i Vikersund. Det norske laget siglar opp som ein heit gullkandidat etter dagens hopping.

– Vi er fire gode hopparar. Om alle gjer sakene sine bra, har vi gode sjansar, seier Fannemel.

– Det var skivebom

Rune Velta tok sølvet i konkurransen berre tre poeng bak gullvinnaren Robert Kranjec.

Fannemel sjølv vedgår at det ikkje var berre-berre å førebu seg til andre omgang etter utladinga i førstehoppet.

– Eg trudde det skulle gå bra, men eg takla det tydelegvis ikkje så bra som eg hadde håpa, seier Fannemel.

Han seier det han opplevde i første omgang var heilt fantastisk.

– Eg prøvde å nullstille meg og tenke på mine ting og alt det der. Eg hadde ei god kjensle, men då eg kom over hoppkanten, kjende eg at det var skivebom, seier ungguten.