Hopp til innhold

Dette stuntet tolte ikkje autovernet

På rosa ski bestemte alpintrenaren seg for å hoppe over vegen medan "eleven" filma. Det gjekk nesten heilt fint...

Alpintrenaren kjende i satsen at dette var ein dårleg idé. Då var det 12 meter til målet.

LEIKAR FOR SJELDAN: Alpintrenaren kjende i svevet at dette kanskje ikkje gjekk bra. Video: Jørgen Hage Lambrechts

– Det var moro. Vi såg dei skavlane over toppen på fjellet der, og fann ut at her måtte vi hoppe. Så då gjorde vi det.

Martin-Olav Senneset var på veg i bilen til Vestlandsmeisterskapen i alpin i Myrkdalen. Med seg i bilen hadde trenaren Jørgen Hage Lambrechts som skulle delta. Men først lagde dei sitt eige skirenn, impulsivt, på fjellet der dei skulle hoppe over vegen.

– Som å satse på ein tjukkas

– Hadde vi hatt med oss spade slik at vi hadde fått laga eit hopp hadde det ikkje vore problem i det heile tatt. Vi satsa i nedoverbakke og snøen gav seg i satsen, så det var som å satse på ein tjukkas.

Jørgen Hage Lambrechts

LUFTIG SVEV: Jørgen Hage Lambrechts svevar luftig over vegen.

Foto: Privat / NRK

Dermed forstod han i det han satsa at dette var galskap.

– Eg tenkte at dette går kanskje ikkje. Så prøvde eg å vinkle skia så bratt eg kunne så skia kunne komme seg over kanten. Det var berre å gjere det beste ut av det.

– Det small ganske godt i autovernet?

– Det small høgt. Men eg merka ingenting, men autovernet fekk merke etter landinga. Men skia frå Åsnes har ikkje merke etter noko.

Skulle hoppe over bilen

Etter å ha krasja inn i autovernet, fortsatte han i ein salto før han landa på rumpa. Frå han tok sats til han landa reknar han med at det er rundt 12 meter. Så han rår folk til å tenke seg om før dei gjer liknande stunt.

– Ein bør jo kanskje kjenne sine grenser, og ha hoppa litt før. Men det lærar ein ved erfaring. Eg har gjort verre ting enn dette tidlegare.

Planen hans var å parkere bilen der dei skulle hoppe over, men han er glad han ikkje gjorde det.

– Då hadde eg nok landa på taket av den, flirer Senneset.

Er redd mora ser galskapen

Også "eleven" Jørgen Hage Lambrechts hoppa over vegen. Han tok lærdom av den litt meir uelegante trenaren.

– Han tok litt meir fart og fekk skikkeleg sats, så det gjekk bra.

Alpinisten Jørgen Hage Lambrechts gjorde som trenaren. Hoppa over vegen og lenger enn det.

GJORDE SOM TRENAREN: Jørgen Hage Lambrechts kunne ikkje vere dårlegare enn trenaren, så han hoppa han og. Video: Martin-Olav Senneset

Han vedgår at han kanskje ikkje er den mest pålitelege anstanden eleven kunne ha med seg.

– Eg redd at mora sikkert kjem og hentar han viss ho får greie på dette. Då får vi vel ikkje reise på tur att, ler Senneset.

Men lovar han å ikkje gjere dette meir?

– Øh ... Eg hadde tenkt at vi skulle prøve på nytt i morgon når vi skal heim att.