Hopp til innhold

Hoppa nesten til ny verdsrekord

Anders Fannemel var nære ved å setje ny verdsrekord då han strekte seg ned til imponerande 244,5 meter. Det er verdas nest lengste skihopp.

Anders Fannemel blir gratulert av Bjørn Einar Romøren etter kjempehoppet

IMPONERTE STORT: Anders Fannemel fekk opp tidenes nest lengste hopp. Her blir han gratulert av Bjørn Einar Romøren.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var heilt ekstremt då eg kom ut over kulen og kjende at eg kom til å flyge, seier Fannemel til NRK.no.

– Kva seier du til at du berre er to meter bak verdsrekorden?

– Eg har vel ikkje heilt fått tid til å tenkje over det enno, seier 20-åringen.

Fekk endeleg ut det han er god for

Fannemel fekk for første gong fullklaff i ein skiflygingsbakke, og viste for heile verda kva som bur i den vesle kroppen hans.

På veg ut av arenaen fekk NRK Sogn og Fjordane ein kort prat med hoppkometen.

– Det var ei heilt ekstremt god kjensle. Heilt rått, konstaterer Fannemel.

– Kva tenkjer du om det som skal skje vidare?

– Det kan bli ein bra dag. No må eg berre fokusere på mine ting, så blir dette bra, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen av kjempehoppet)

Video Fantastisk hopp av Anders Fannemel

Fantastisk hopp av Anders Fannemel

Berre éin omgang står att

Etter at første omgang er ferdig, ligg Anders Fannemel trass lengstehoppet på fjerdeplass.

Rune Velta leiar konkurransen, med Anders Bardal på femteplass.

SISTE: Juryen har bestemt at det berre blir to teljande omgangar i dag. Verdsmeisteren blir dermed kåra etter omgangen som startar klokka 17:15.

Nummeret før historiebøkene

Arne Scheie skreik så han var galen då den unge honndølen sette nedslag i skibakken i Vikersund like over klokka 16 laurdag ettermiddag. Med godt driv nedover monsterbakken var Fannemel svært nære ved å skrive seg inn i historiebøkene.

– Skal han greie over 210 meter, sa Scheie då Fannemel sette utfor.

Og det vart så mykje lenger. Etter å ha sett ny personleg rekord med 223,5 meter i treningsomgangen torsdag, var det mange som venta mykje av han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Fannemel

LIKE ROLEG: Anders Fannemel kom raskt tilbake til hektene etter kjempehoppet. Her er han på veg tilake til hopptårnet for andre omgang.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tidenes nest lengste skiphopp

– Det er eit fantastisk hopp. Ein utruleg prestasjon av ungguten frå Vestlandet. Dette var moro, kunne TV-sjåarane høyre Scheie skrike frå kommentatorboksen.

For Fannemel strekte seg heilt ned til 244,5 meter. Det er berre to meter bak verdas lengste skihopp og Fannemel står difor for ein mildt sagt imponerande prestasjon. Fannemel kjem seg heilt i botn av bakken og går inn på ein klar førsteplass – 19 poeng føre nestemann på lista.

– Han ligg kjempestabil og flott nedover. Det er ein bra driv i hoppet, sa ein imponert NRK-kommentator Espen Bredesen.

– Heilt herleg

Fannemel var naturleg nok svært nøgd med innsatsen i den første teljande omgangen under VM på heimebane i Vikersundbakken,

– Korleis er pulsen din no?

– Den er begynt å bli roleg no. Men den var relativt høgt oppe då eg passerte k-punktet, seier Fannemel.

For å seie det slik: Det var iallfall ein solid ny lagsrekord for Hornindal IL!

Overvelda pappa

Då NRK snakka med pappa Ola Rasmus Fannemel etter førstehoppet var han nesten utan ord.

– Det var utruleg fint å sjå på. Det var fantastisk, heilt utruleg, seier han.

– Korleis har ein pappa det når sonen landar på 244,5 meter?

– Eg veit han kan hoppe godt på ski. Men å gjere det her, som 20-åring på sitt første VM? Det er slik du ikkje kan rekne med. Håpa ja, seier ein overvelda pappa.