NRK Meny
Normal

I kvalifiseringa vart hoppdressen godkjend - ein time seinare vart Fannemel diska

Anders Fannemel skjønnar lite av at han vart diska minutt før han skulle hoppe første omgang i Engelberg i dag. I same hoppdress som han ein time før vart godkjend i.

Anders Fannemel

IRRITERT: - Det er klart dette er surt. Både fordi vi ikkje forstår kvifor, men også fordi eg tapar verdscup-poeng på å ikkje delta, i tillegg til at dette faktisk er jobben min, seier Anders Fannemel, her fotografert under rennet laurdag i Engelberg i Austerrike.

Foto: Alexandra Wey / Ap

– Heilt ærleg så skjønnar eg ingenting, seier ein skuffa Fannemel.

Han stod klar på toppen å sjokkbeskjeden kom.

– Vi blir målt før kvart einaste hopp, og eg fekk beskjed om at målet var for kort, og at eg ikkje fekk hoppe. Det var skikkeleg kjipt å ta heisen ned att. Eg følte alt fungerte i prøvehoppet, og så skjer dette, seier Fannemel.

Har kontrollmålt dressen mange gonger

Før kvart hopp sjekkar ein kontrollør lengda på dressen frå skrittet og ned til foten. Då Fannemel vart målt, kom kontrolløren fram til at denne lengda ikkje var innanfor regelverket.

Men dette slit både Fannemel og hoppleiinga med å forstå.

– Vi har eit apparat som vi brukar for å sjekke dette sjølve, og dressen har vorte kontrollmålt sikkert ti gonger, seier Fannemel.

Alexander Stöckl

RART: - Dressen vart godkjend då han hoppa ein time før. Og vi har kontrollmålt mange gonger, seier trenar Alexander Stöckl.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Heller ikkje trenar Alexander Stöckl skjønnar kva som skjedde.

– Han hoppa i same dressen nøyaktig ein time før i kvalifiseringa. Då gjekk dressen gjennom. Og så gjer den det plutseleg ikkje. Kva som er årsaka kan eg ikkje seie. Vi har kontrollert dressen mange gonger, seier Stöckl.

Får ikkje same mål på eigne målingar

Også hopplandslagets sportssjef Clas Brede Bråten klør seg i hovudet.

– Når vi testar dressane våre er vi godt innafor. Dette er jo noko vi ikkje vil oppleve. Å ikkje få starte er absolutt det verste som kan skje. Når vi testar dressen får vi ikkje same resultat som dei på toppen, seier Bråten.

Så vidt han kjenner til skal det dreie seg om mindre enn ein centimeter.

– Det er langt under den marginen vi har når vi testar, seier Bråten.

Bråten

FRUSTRERT: - Vi skjønnar ikkje heilt kva som har skjedd, seier sportsjef for hopplandslaget, Clas Brede Bråten.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

Han håpar det er mogleg å få ei oppklaring i eit møte med FIS for å unngå at noko liknande kan skje.

– Vi må prøve å få ein prat med dei før Hoppveka for å forstå kva som har skjedd, seier Bråten.

Satsar på Hoppveka

Også i Klingenthal for tre veker sidan vart Fannemel diska, fordi dressen skal ha vore for vid rundt knea.

– Den var forståeleg, og det var ein annan dress, seier Fannemel.

Han er likevel klar på at dressen frå i dag blir med til Hoppveka, der han håpar å bli teken ut.

– Hoppmessig er eg nøgd med helga. Eg hadde ein god dag i går, og endå betre i dag. Eg hadde håpt å vere blant topp ti, seier Fannemel.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.