NRK Meny
Normal

Hoppa på sjøen i 14 meter høge bølgje

Mannskapet om bord seljebåten «Kamaro» er alle plukka opp frå sjøen utanfor Sørøya. Tre av mannskapet er frå Selje.

Reddet fra 15 meter høye bølger

BERGA: Mannskapet om bord «Kamaro» vart flydd til Hammerfest.

Foto: Allan Klo / NRK

Autolinebåten fekk motorhavari nord for Bjørnøya tysdag og har sidan onsdag vore på slep etter «KV Harstad» mot Sørøysundet i Finnmark.

I full storm og med bølgjer på opp mot 15 meter måtte mannskapet på 14 hoppe på sjøen då slepevaieren byrja å slitne. Like over klokka 15 fekk reiar Stig Ervik meldinga han hadde håpa på.

– No har eg akkurat fått melding om at alt mannskap er berga. For ti minutt, kvarter sidan vart dei tre siste plukka opp av redningshelikopteret, seier han til NRK.no.

Tre frå Selje

Mannskapet vart bedne om å hoppe på sjøen, då det vart rekna som mykje tryggare enn å plukke dei opp frå dekket på havaristen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Disse bildene er filmet av Kystvakten selv mens kystvaktskipet KV Harstad forsøker å redde autolinebåten Kamaro i svært høye bølger ute i Barentshavet.

SJÅ VIDEO: Autolinebåten Kamaro under slep frå Kystvakten.

– Det er langt tryggare å hente dei opp frå sjøen enn å heise opp folk frå eit dekk som bevegar seg fleire meter opp og ned, forklarte redningsleiar hos HRS, Frode Iversen.

Klokka 13.20 starta eit redningshelikopter arbeidet med å evakuere. Kring to timar seinare var alle plukka opp frå sjøen.

Fekk maskinskade

Ifølgje Fjordenes Tidende tok reiarlaget Ervik Havfiske over båten før denne turen. Same avisa skriv at båten er lasta med kring hundre tonn fisk. Fem av seks utanlandske om bord er frå Færøyane. Ein er frå Litauen. Resten av mannskapet er frå Norge.

Stig Ervik

LETTA: Reiar Stig Ervik i Ervik Havfiske.

Foto: Einar Lindbæk, Fiskaren

– Dei fekk maskinskade allereie tysdag nord for Bjørnøya og vart slept sørover av ein annan av våre båtar. Sør for Bjørnøya vart vêret så dårleg at dei tok kontakt med kystvakta som då tok over slepet, seier Ervik og skildrar dagen i dag som hektisk.

Reiaren har førebels ikkje snakka med mannskapet sitt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsaksjon

BERGA: Her blir mannskapet berga frå den frådande sjøen utanfor Sørøya.

Foto: Kystvakta

Alle plukka opp

Det er ukjent om nokon er skadde. Ifølgje hovudredningssentralen i Nord-Norge er mannskapet på veg med helikopter til sjukehuset i Hammerfest.

– No skal dei først til sjukehus, sjekkast ut og snakke med kriseteam. Vi har fått ordna med hotell, så dei skal få slappe av i natt, seier Ervik.

– Det har sjølvsagt vore ei traumatisk oppleving. Dei to første som vart heisa opp ramla faktisk ned att i sjøen, seier operasjonsleiar Tommy Flåten hos politiet i Vest-Finnmark.

– Kva som skjer med båten?

– Det veit vi ikkje, men vi har eit visst håp om å klare å berge båten utan å ha fått stadfesta det, seier Ervik.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.