NRK Meny

Hoppa i havet for Sommeråpent

Temperaturen i luft og sjø var ikkje noko å skryte av. Men den varme festen sogningane skapte rundt Sommeråpent si sending frå Dampskipkaien i Sogndal, gjorde at enkelte måtte kjøle seg ned med eit bad.

Gå til forsiden

Sommeråpent i Sogndal

Sommeråpent i Sogndal

Sommeråpent i Sogndal

26 bilder

    Artikkelen er mer enn ett år gammel.

    Om sogningane var noko seint ute då Sommerbåten la til kai i ettermiddag var dei desto tidlegare ute i kveld. I timane mellom den flotte mottakinga av båten og sendinga var det eit jamt sig av folk nedom kaien. Mange nytta høvet til god mat og drikke i kafeen like ved båten.

    Og då sendinga på NRK1 starta hadde sogningane gjort som florøveringane dagen før: Fleire hundre skuelystne møtte opp på Dampskipkaien. Ein sogndøl i publikum uttrykte det slik: «Mi kan når mi vil, altso»

    Sommerbåten Sogndal

    FIN DAG: Tur til Sogndal med besteforeldra, omvisning på sommarbåten, toppa med ein ny ball signert av Ulrik Flo. Ein bra dag for Christoph Solheim.

    Foto: Alf Vidar Snæland

    Unge Christopher Solheim hadde all grunn til å vere nøgd med årets andre stopp for Sommerbåten: Sogndal-turen med besteforeldra enda med ein fin, ny fotball signert av Ulrik Flo.

    – Han skaut den ut blant publikum og eg fekk ballen.

    – Fekk han?

    – Eg tok han, seier Solheim, som til dagleg er målmann for heimklubben på Sandane, STIL. Og redningen av «skotet» frå Sogndal-spelaren var berre kransen på kaka; høgdepunktet på ein flott dag.

    – Vi har vore her heile dagen. Vi var inne på båten. Fekk sjå studio og slike ting, seier ein entusiastisk Solheim.

    Blant gjestene du kan sjå i heile sendinga under, er Ulrik Flo, Liv Signe Navarsete, Yngve Hallén, Gro og Trine Lerum og fotograf Arnold Lan.

    Direkte. Sommeråpent inviterer til feriehygge med gode historier, spennende gjester og fin musikk. I kveld retter hele Norge blikket mot Sogndal, hvor Sommerbåten ligger til kai. Programledere er Atle Bjurstørm og Ida Nysæter Rasch. (18:41)

    Sjå bileta frå når sogningane tok imot Sommerbåten:

    Her kan du følgje Sommerbåten minutt for minutt:

    Bli med oss på hele reisen fra Vadsø i nord til Oslo i sør gjennom 58 sommerdager
    Navnestrid i Sunnfjord
    2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
    Dab-dekning i tunnelar