Hopp til innhold

Hopen senka Hønefoss på frispark

Eit frispark frå 16 meter signert Ørjan Hopen vart skilnaden mellom Sogndal og Hønefoss i fredagens treningskamp.

Ørjan Hopen

Ørjan Hopen fylte 17 år torsdag 19. mars. Fredag senka han Hønefoss i treningskamp.

Foto: Arve Uglum

Sogndal spelte sin åttande treningskamp på rad utan tap då dei slo vertane 2-1 på AKA Arena.

- Det tok litt tid før vi kom i gang, men kampen var jamspelt. Eg er nøgd med ein del. Fine prestasjonar over heile linja, men vi har framleis fleire gir å gå på og det må vi prøve å få retta på til seriestart, seier trenar Karl Oskar Emberland.

Fylte 17 år torsdag

Valtter Laaksonen gav Sogndal leiinga etter kring halvtimen då han pirka ballen i mål etter at Rune Bolseth la eit innlegg i tverrliggaren.

Abdou Darboe utlikna leiinga ti minutt etter kvilen, før innbyttar Ørjan Hopen, dagen ettar at han fylte 17 år, dunka inn 2-1 på eit frispark frå 16 meter. Avgjerda fall 20 minutt før slutt.

Bytta åtte spelarar

Emberland bytta seks mann til pause. Like etter starten av andre omgang, sette han innpå to nye spelarar. Heile midtbana og angrepsrekka vart bytta ut.

- Alle må få spele og gjere seg klar til sesongen. Vi har ein brei og god stall og har god konkurranse på plassane. Det er styrken vår. Vi vil tole at folk ikkje er tilgjengelege til kampar.

Godkjent av debutanten

Nykommaren Jon Midttun Lie fekk sin debut for Sogndal i oppgjeret. Anders Stadheim slit med skade og fekk stå over kampen.

- Jon er ein solid fotballspelar. Han kjem seg til linja og slår gode innlegg. Eg er godt nøgd med debuten hans. Litt uheldig med touchen på eit gjennombrot der han kunne ha scora, seier trenaren.

To kampar til

Kommande tysdag tek Sogndal imot 3. divisjonslaget Førde i treningskamp. Laurdag 28. mars kjem Løv-Ham til Sogndal i det som blir generalprøva før seriestart.

Serien startar 7. april med heimeoppgjer mot fredagens motstandar, Hønefoss. Kampen går direkte på NRK2 .