Hopp til innhold

Hopen om Sogndal-tapet: – Ufatteleg herleg

LEVANGER – SOGNDAL 4–1 (NRK): Ørjan Hopen var sogndølen som kunne smile breiast av alle etter sesongen siste kamp i 1. divisjon. Å knuse gamle lagkameratar smakte ekstra godt når laget samtidig sikra plassen.

Ørjan Hopen

VANN OVER GAMLE LAGKAMERATAR: Ørjan Hopen spelte sentralt på midtbana på Levanger i dag, og har fått fast plass på laget etter overgangen i vår.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Dette er ufatteleg herleg, gliser Hopen etter 4–1 sigeren på Moan stadion søndag ettermiddag.

(Sjå kampreferat nedst i saka)

– Har slått Sogndal 7–2 over to kampar

I eit skikkeleg ruskevêr nekta vertane å gje frå seg poeng i kampen mot serievinnarane frå Sogn. Etter å ha vunne dei tre siste kampane måtte nemleg Levanger likevel ha poeng for å berge plassen i 1. divisjon.

Etter berre sju minutt måtte Sogndal-keeper Mathias Dyngeland plukke ballen ut av nettet. Levanger heldt trykket oppe og etter 63 minutt spelt nærmast punktere Bendik Bye kampen med Levanger sitt fjerde mål. Sogndal greidde redusere åtte minutt før full tid, men kampen enda 4–1.

– Vi visste dette var ein viktigare kamp for oss å vinne enn dei. Men det gjer seg å slå Sogndal 7–2 over to kampar i år, seier ein smørblid Hopen.

– Vi vann fullt fortent

23-åringen kom til trøndelagsklubben før året sesong. Med fem år bak seg i Sogndal kjente han motstandarane ekstra godt i dag. Sogndal rykte opp til Eliteserien med tre kampar att av sesongen, og hadde nesten berre æra å spele for når dei reiste til Levanger. Det visste heimelaget å dra nytte av.

– Vi visste at vêret og underlaget på Moan stadion ikkje akkurat bydde opp til kjempeinnsats for Sogndal. Dei har køyrd ni timar buss opp hit, og skulle berre opp her og spasere gjennom siste serierunde, seier Hopen.

Planen om å gå rett i strupen på gjestane frå saftbygda viste seg å fungere.

– Vi kom ut i hundre og viste at dei ikkje fekk noko gratis her. Vi var tøffast i begge boksane, og dei hadde vel knapt skot på mål i kampen.

– Eg meiner vi vann fullt fortent, seier sogndølen om sigeren over gamle lagkameratar.

Laster innhold, vennligst vent..