Hopp til innhold

– Mi største oppleving i år var å runde eitt år som gamblingfri

Sogndal-spelar Ørjan Hopen legg bak seg eit personleg og sportsleg utfordrande år. I året som kjem ventar han å

Ørjan Hopen

KREVJANDE: 2012 har vore eit personleg krevjande år for Ørjan Hopen (t.h.), men 18. november medverka han sterkt til at Sogndal heldt plassen i Eliteserien. Ei veke seinare kunne han juble over eitt år som gamblingfri.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Korleis var 2012 for deg?

– 2012 for meg har vore eit utfordrande år. Krevjande etter oppgjeret eg hadde med meg sjølv på slutten av 2011. Avslutta heldigvis med siger i siste serierunde som gjorde at det blir Tippeliga neste år også.

– Kva var di beste personlege oppleving i året som gjekk?

– Mi største oppleving var då eg runda eitt år som gamblingfri 25 november 2012. Dette var eitt høgdepunkt for meg, fordi det har vore ein lang veg, og kravd mykje jobb av meg sjølv.

Ventar å halde seg i skinnet

– Kva gjorde sterkast inntrykk på deg i 2012?

– Å sjå kor kort det er mellom liv og død. Ein veltrent Alexander Dale Oen går vekk på ein ufatteleg trist måte. Ein av dei største idrettspersonlegheitane i landet.

– Kva forventingar og håp har du til året som ligg framfor oss?

– Eg har forventninga om at eg sjølv klarar halde meg i skinnet i høve til gamblinga, samt ta del på fotballbana.

– Har du nyttårsforsett?

– Ingen nyttårsforsett. Kvifor ikkje? Driv ikkje med slikt ;-)

Pinnekjøt med besteforeldre

– Korleis feirar du jul i år?

– Jula i år feirar eg med besteforeldra mine i Sogndal. Pinnekjøtt står på menyen.

– Kva hugsar du best frå jula i barndommen din?

– Mitt sterkaste minne frå jula i barndommen var når det vart fleire og fleire pakkar under juletreet. Forventningane bygde seg opp ...

– Her er eg for dårleg

– Kva er den beste julepresangen du har fått?

– Eg har fått så mange fine pakkar, så eg har ingen favoritt.

– Kva gjer du for dei som har mindre å rutte med eller er einsame i jula?

– Her må eg leggje meg flat, og seie at eg er for dårleg.