Hopp til innhold

Honndølene vil ha med Volda

Eit soleklart fleirtal av honndølene vil ha med både Volda og Stryn i ein storkommune, men når innbyggjarane blir spurde om dei vil sjå i retning sør eller nord, blir dei vage.

Grodås i Hornindal

IKKJE LENGER SENTER: Tida for Grodås som kommunesenter er etter alt å dømme ute i 2020. Spørsmålet er berre kven ein skal slå seg saman med.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Dette er i tråd med mi oppfatning, og som eg hadde inntrykk av at veldig mange ville stemme på.

Det seier Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel (H) etter at innbyggjarundersøkinga som vart klar måndag kveld viser eit klart fleirtal for storkommune med både Volda og Stryn.

Få svarar berre Stryn

Stig Olav Lødemel

KOMMUNESTYRET AVGJER: Stig Olav Lødemel hadde håpa på klarare svar i innbyggjarundersøkinga i Hornindal, der ein ikkje held rådgjevande folkerøysting.

Foto: Trond Vestre / NRK

I undersøkinga svarer 73 prosent av dei spurde at dei vil at Hornindal slår seg saman med ein eller fleire kommunar. 20 prosent vil halde fram åleine, sju prosent veit ikkje. Av dei som seier ja, vil 71 prosent ha ein storkommune med både Volda og Stryn.

26 prosent vil ha samanslåing med berre Stryn. Tre prosent har svart «veit ikkje».

Men når innbyggjarundersøkinga har spurt respondentane om dei vil at Hornindal slår seg saman med ein eller fleire kommunar i retning sør eller retning nord, blir resultatet straks vanskelegare å tolke.

Likevel uklart retningsval

44 prosent svarar nordover i retning Volda. 44 prosent svarar sørover i retning Stryn. 12 prosent veit ikkje.

– Det var retningsvalet som var viktig for oss, og det er heilt likt. Kommunestyret står fritt til å gå i den retninga dei finn ut er den beste. Vi får gode tenester både i sørleg og nordleg retning, og dette stadfester at innbyggjarane ser det same som politikarane.

– Berre 26 prosent vil stå åleine med Stryn, er dette eit klart mandat til å gå nordover?

– Eg veit ikkje om eg vil kalle det så veldig klart, når det er 44/44 på retningsvalet, men det er kommunestyret som må gjere det valet.

Storkommunekart, Ørsta, Volda, Hornindal og Stryn

ALLE TRE? Slik kan ein storkommune sjå ut med sunnmørskommunen Volda, og Nordfjord-kommunane Hornindal og Stryn.

Foto: NRK

Kryssa fylkesgrensa

Korleis vurderer du sjansane til å få Volda til å eventuelt skulle bli ein del av Sogn og Fjordane?

– For vår del har ikkje fylkestilhøyre vore ein del av diskusjonen eller forhandlingane. Vi registrerer at vi står framfor ei regionreform, og vi kjempar med nebb og klør for å unngå at regiongrensa skal gå mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det ville vere veldig øydeleggande for vår felles bu- og arbeidsmarknad, seier Lødemel.

200 av dei om lag 1200 innbyggjarane i Hornindal har deltatt i undersøkinga som er utført av Opinion på vegene av Hornindal kommune.

Laster innhold, vennligst vent..