ULIKE HESTERASAR: På "Hestegarden" i Gaular er det ulike hestetypar. Desse er av ein liten hestetype, dei er ikkje ponniar. Ein kan ikkje ride på so små hestar, men hestane her er valde ut med tanke på lynne. Dei er sosiale, både med kvarandre og med folk. "Dei møter deg heilt fordomsfritt, same korleis du ser ut" seier Linda Rognø.
INN I MANESJEN: Ein eigen hestemanesje og aktivitetshall for dei som kjem på besøk er det óg på garden. Når det er tid for eine hesten å gjere litt veddelaupskunstar, fylgjer eine kameraten med inn.
I SPRANGET: Hesten reiv ikkje porten éin einaste gong.
DEI MINSTE PÅ GARDEN: På garden var det både hund, katt og kanin også, men dei minste dyra var desse marsvina. Dei var óg dei mest folkeskye på garden.
TERAPIHØNE: Brunhøna "Rebekka" har fått namnet sitt frå ei av dei som plar kome til gards på besøk. Ho er åtte år gamal, so det er lenge sidan ho la jamt med egg. Men ho er sosial, lèt seg lyfte opp, og hoppar gjerne opp på fanget ditt og set seg til der, om du sit ute i tunet på ein stol, fortel Linda Rognø.
FREIDIG FRAMMARSJ: Hønene vart ivrige etter regnbyga