Hopp til innhold

Holvik i egyptisk cupfinale

Steinar Holvik skal fredag kveld vere assistentdommar i den egyptiske cupfinalen i Kairo. Saman med hovuddommar Terje Hauge og Arild Sundet vart han på kort varsel sett på oppdraget.

Steinar Holvik (til høgre) saman med Terje Hauge

Først onsdag denne veka kom spørsmålet om dei kunne dømme finalen mellom Ahli og Zamalek i Kairo.

Kvifor dei fekk oppdraget viet dei ikkje sikekrt. Til Bergens Tidende seier Terje Hauge at det ikkje alltid er like lett å vere fotballdommar i Egypt.

- Tidlegare har dcei brukt afrikanske toppdommarar til slike kampar, men dei beste er i VM no, og det kan vere at nokon er skadde.

Kampen skal spelast på nasjonalstadion i Kairo, som kan ta 100.000 tilskodarar, og det er stor fotballinteresse i Egypt.