NRK Meny
Normal

Tilbake etter årelangt skademareritt

FØRDE (NRK): Ruben Holsæter var i kveld endeleg på bana igjen for Sogndal. Ein hofteskade har sett han meir eller mindre ute av spel i eit år.

Ruben Holsæter tilbake etter eitt års skademareritt

TILBAKE I AKSJON: Ruben Holsæter fekk spele 20 minutt mot gamleklubben Førde. Det siste året har han vore plaga med ei skade i hofta og i vinter vart han operert.

Foto: Rune Fossum / NRK

Førdianaren fekk tjue minuttar for Sogndal i kveldens treningskamp mot Førde. Sogndal vann 1-3, men det som gledde Holsæter mest, var å endeleg få spele fotball igjen.

– Det var herleg å komme tilbake og få prøve seg igjen. Det er lenge sidan no, seier han.

Skada sidan juli i fjor

Det var den tolvte juli i fjor, i ein heimekamp mot Viking, at Holsæter først fekk kjenning i hofta etter ei takling. Han gjekk lenge ute med skade, men fekk nokre kampar på tampen av sesongen. I vinter vart det bestemt at operasjon var einaste utveg.

Sidan har han kjempa for å kome tilbake og det har vore mange einsame timar på ergometersykkelen.

– Eg byrjar å bli lei av den sykkelen no. Så det var herleg å få spele igjen, seier Holsæter.

– Det har vore tungt, men eg har vore positiv heile tida.

Petter Strand passerer Førde-forsvaret

I FORM: Petter Strand skåra eitt og hadde ein målgjevande pasning i treningskampen mot Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Klar til å plukke poeng

Først i det siste har han kunna bli med på heile treningsøkter med A-laget. Då seier det seg sjølv at teknikken er litt rusten.

– Eg sleit litt i starten, men så kom eg meir inn i kampen. Det gjekk heilt greitt, men det var ikkje store greiene, seier Holsæter.

No ventar nye veker med trening og forsiktig matching med andrelaget, før han er klar til å kjempe om poeng i førstedivisjon.

– No er det om å gjere å jobbe meg i form til slutten av sesongen, så er eg klar til neste år, seier Holsæter.

Ferieprega treningskamp

Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, gler seg over at det ser ut til å lysne etter ein tung periode for Holsæter.

Håvard Flo

GLAD: Håvard Flo, sportsleg leiar i Sogndal, er glad for at Ruben Holsæter endeleg er tilbake på bana.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Han har hatt ein type operasjon som ikkje alltid har eit lukkeleg utfall. Så langt ser det bra ut og han har jobba målretta i heile vinter. Vi får forhåpentlegvis mykje glede av han framover, seier Flo.

Oppgjeret mot Førde var prega av feriefotball frå begge lag. Men Flo seier det likevel var ein viktig kamp, med tanke på kva som er i vente.

– Det er ikkje lenge før det brakar laust. No får vi bruke dagane godt framover, seier han.

Slik kom scoringane

  • 1-0: Daniel Kvalvågnes headar Førde i leiinga, etter eit flott innlegg frå høgrekanten.
  • 1-1: Petter Strand driblar seg inn frå venstre og klinkar ballen i det lengste hjørnet.
  • 1-2: Eit innlegg frå Petter Strand finn pannebrasken til Kristian Fardal Opseth, som plasserer ballen i mål.
  • 1-3: Fardal Opseth tek ned ballen med keeper på halvdistanse. Lobbar ballen elegant over keeper og i mål.

Elles fekk Peter Aase fekk sin debut nummer to for Sogndal, etter at han i sommar vart klar for sin andre periode i saftbygda.

Sogndal spelar første kamp etter ferien på bortebane mot Ranheim den 3. august.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast