NRK Meny
Normal

Holsæter endeleg klar for Sogndal

Sogndal har etter mykje om og men komme til semje med Førde om ein overgang for Ruben Holsæter (20).

Ruben Holsæter

TIL SOGNDAL: Ruben Holsæter har lenge vore i søkjelyset til andre klubbar. Neste stoppestad blir no Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi gjorde eit forsøk på å få han før sesongen, men då var det eit spørsmål om økonomi som sette ein stoppar. Vi har visst om kvalitetane hans lenge, men det har nok vore riktig av han å vente, seier Trond Fylling til Firda.

Den sportslege leiaren i Sogndal er glad for at overgangen endeleg ser ut til å gå i orden.

Berre ein medisinsk sjekk og Holsæter sin personlege kontrakt står igjen før kantspelaren kan spele i eliteserien. Valet tok han sjølv før ein månad sidan.

– Eg er utruleg glad no, og det har lenge vore ein draum å spele for ein eliteserieklubb, seier Holsæter til Firda.

LES OGSÅ:

Ruben Holsæter slo for fullt gjennom på seniornivå i 2010, då han var ein dominerande offensiv kraft og vart toppscorar for Førde i 2. divisjon.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.