Hopp til innhold

– Av og til må ein ta eitt steg tilbake for å ta to steg fram

– I år har eg teke det steget tilbake, seier tikjemparen Henrik Holmberg (24).

Henrik Holmberg

SATSAR MOT OL: Henrik Holmberg (24) sitt største mål er OL. Men i første omgang er det europacupen neste helg som gjeld.

Foto: privat

Tikjemparen Henrik Holmberg (24) frå Vik vart nyleg teken ut til europacupen i Portugal neste helg.

– Eg har forventingar om å bita bra frå meg. Eg håpar å bryta 7000 poeng og ta ny fylkesrekord. Først og fremst er det kjekt å bli teken ut på landslaget i mangekamp og representera Norge. Det var ei positiv overrasking, og det blir moro å konkurrera mot dei beste i Europa, seier 24-åringen.

– Forma har vore veldig treg tidlegare i vår, men på dei siste treningane og konkurransane har den vore stigande, så eg håpar å få ein liten formtopp neste helg, det hadde vore perfekt, seier Holmberg.

Årsaka til at resultata ikkje har vore heilt på topp er ei endring som forhåpentlegvis vil ta vikjen heilt opp i toppsjiktet internasjonalt etter kvart.

Teknikkendringar

Henrik Holmberg
Foto: Sander Heggheim / NRK

Holmberg har sølv i NM i høgdehopp og før var det sprint og høgdehopp han satsa på. Men om han skulle hevda seg internasjonalt fekk han beskjed om at det var mangekamp som var idretten hans.

I tikamp konkurrerer ein i ti friidrettsøvingar over to dagar. Det er 100 meter, lengdehopp, kule, høgdehopp, 400 meter, 110 meter hekk, diskoskast, stavsprang, spydkast og 1500 meter.

Holmberg var ferdig på college i USA før jul, men vart verande att tre månader i Arizona for å trena med nokon av verdas beste utøvarar. Årsaka til at ting ikkje har gått heilt på skjener i konkurransar i år er at han er midt i ein stor omstilling av teknikken i spesielt kasteøvingane og stavsprang.

– Den opplevinga har vore heilt enorm for meg, og treningsgruppa, trenarane og det medisinske støtteapparatet har vore veldig bra. Det har også medført at eg har gjort ei omstilling i dei fleste tekniske øvingane. Mykje av den teknikken eg har trent tidlegare er blitt endra, og eg har nok ikkje fullført heilt den overgangen mellom gamal teknikk og ny teknikk endå.

– Det tek tid å gjera endringar, men av og til må ein ta eitt steg tilbake for å ta to steg fram, og det er det eg har gjort no. Langsiktig sett har eg gjort det rette.

Må setja seg hårete mål

– Målsettinga no er VM neste år. Då skal eg vera ein mykje meir klar og moden mangekjempar, og så er det sjølvsagt OL etter det. Ein må gå for dei hårete og største måla, slik er det, seier Holmberg.

Han held eit bra nivå i springøvingane, høgde og lengde, men i kastøvingane og stavsprang har han ein del å gå på.

– Apparatet rundt meg har eg allereie klart, og eg har arbeidskapasiteten. Som mangekjempar må ein innom eit visst tal timar i alle dei tekniske øvingane i løpet av ei veka. Dei tre månadane i USA trente eg med ekstrem høg intensitet. Eg har dobla treningstimane mine, samstundes som det var veldig høg intensitet på trening, og det er det som skal til for å koma opp på eit internasjonalt nivå.

– Dersom eg held dette gåande, så kan eg ta noregsrekorden på 8160 poeng om to eller tre år. Men då må eg halda fram, og akseptera at eg er i ein teknisk overgangsperiode no og difor ikkje er heilt på det nivået eg ynskjer, seier Holmberg.

Håpar på EM til hausten

Det mest nærliggjande målet er EM i august, og sjølv om han har trua på fylkesrekord neste helg, så har sesongen så langt ikkje vore heilt topp.

– EM har vore målet heile denne sesongen, men eg må vera realistisk. Sesongen har vore mykje tråare enn det eg hadde trudd, og nett no ser det ut til at å kvalifisera meg til EM er eit stykke fram.

Han har tevlinga i europacupen og ein konkurranse til der han har moglegheit til å kvalifisera seg til europameisterskapen.

– Eg må klara 7800 poeng for å kvalifisera meg. Nett no ser det vanskeleg ut, men ting endrar seg fort, seier vikjen.

– Det er vanskeleg å seie korleis han vil gjera det i europacupen, for han har konkurrert ganske lite, På bakgrunn av prestasjonane i USA så trur eg han kan ta personleg rekord, men han skal ikkje bomma mykje på ei øving før han taper poeng, seier Narve Heggheim, dagleg leiar i Friidrett Sogn og Fjordane.

Heggheim trur Holmberg har det som skal til for å ta noregsrekorden om eit par år.

– Han har utvikla seg veldig mykje dei to åra i USA. Ingenting er umogleg, men det krev mykje hardt arbeid. Ein må vera rask, uthaldande og teknisk god for å hevda seg, så det er høge mål, men det er realistisk, seier Heggheim.

– Det er eit enormt puslespel, så det tek tid, avsluttar Holmberg.