NRK Meny
Normal

Tenkte høgt - no beklagar Hollevik

Førre veke skapte Høgre-politikar Bjørn Hollevik fullt politisk kaos da han foreslo å bytte flyplassar i fylket mot pengar til vegprosjekt. No legg han seg flat, og beklagar utsegnene.

Bjørn Hollevik

BEKLAGAR: Det kan vere farleg å tenke høgt – særleg når det gjeld politikk. Det fekk Høgre-politikar Bjørn Hollevik erfare førre veke da han foreslo å bytte flyplassar i fylket mot pengar til vegprosjekt. No beklagar han utsegnene.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Høgttenking, det er ein litt farleg sport.

Det seier Høgre-politikar Bjørn Hollevik frå Florø. Han er første vararepresentant til Stortinget og sitt også på fylkestinget.

Førre veke storma det rundt han etter at han foreslo å leggje ned flyplassar i fylket for heller å skaffe pengar til vegprosjekt.

No går han tilbake på sine utsegner, som han meiner kom heilt skeivt ut. Det gjer han gjennom eit lesarinnlegg.

– Standpunktet mitt er at vi må ha fire flyplassar. Så kan ein spekulere i korfor det kom skeivt ut, men det viktigaste er at eg har sett i ettertid at det eg sa har skapt mykje uro, både for dei som byggar veg og dei som hegnar om flyplassane i fylket, utdjupar Hollevik.

– Vi må ta vare på det vi har i eit utsett fylke som Sogn og Fjordane, legg han til.

– Må hegne om flyplassane

Utsegnene til Hollevik skapte ein stor debatt om flyplassar, vegprosjekt og økonomi.

Dette skapte ikkje berre diskusjon innanfor partiet Høgre, men også full krig blant ordførarane i fylket. Hollevik legg seg no flat, og beklagar flyplassdebatten.

Så no går du heilt vekk frå den løysinga om at ein kan løyse inn flyplassar i vegpengar?

– Ja, utgangspunktet var jo at Avinor for ei veke sidan kom med eit tydeleg utspel om at ein kunne foreslå for samferdselsdepartementet å leggje ned ein eller to flyplassar. Og der starta mi høgtenking som tok feil av, fortel Hollevik og fortsett:

– No er det viktig for meg å vere tydeleg på at dei flyplassane må vi hegne om. Dei er med på å gjere avstandsvanskar i det grisgrendte fylket vi bur i mindre, slik at den konkurranseulempa vi har ved å vere langt vekke frå dei store byane, det vinn vi inn igjen på å ha flyplassane der dei er.

Hollevik vil ikkje seie at han har vore pressa frå andre i partiet for å gå tilbake på utsegnene førre veke.

– Eg vart invitert inn i eit telefonintervju med eit ordførarforum her i Sogn og Fjordane, der dette var ei av sakene. Der fekk ein letta litt på trykket om kva som hadde skjedd, seier Hollevik, som no er tydeleg på at han vil ha fire flyplassar i fylket.

Skaka over dei blå

Sjølv om Hollevik no går tilbake på det han sa førre veke, er det andre som meiner det er ein god idé å bytte ut flyplassar med pengar til veg. Flora-politikar Frank Willy Djuvik frå Frp har vore heilt tydeleg på at dette er ein strålande idé, og støttar flyplassnedlegging.

Dette får fylkesvaraordførar, Jenny Følling frå Senterpartiet, til å reagere.

Jenny Følling

SKAKA: Fylkesvaraordførar, Jenny Følling frå Senterpartiet, er skaka over det ho kallar illojalitet frå dei blå partia.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ho er skaka over det ho kallar illojalitet frå blå politikarar.

– Vi reagerer svært sterkt på arbeidsmåtane som er avdekka, både frå Framstegspartiet, men også Høgre, når det gjeld å motarbeide vedtak som fylkestinget har gjort, seier Følling.

Ho viser spesielt til at det er gjort vedtak i fylkestinget om å ha fire flyplassar i fylket, og er skaka over at både Høgre og Framstegspartiet har framståande politikarar med nære band til Samferdselsdepartementet og Samferdselsministeren kjem med utsegner kor ein går midt imot vedtaka frå fylkestinget.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.