NRK Meny
Normal

Hole er dømt til fengsel på vilkår i 45 dagar

Bjarne Henry Hole er dømt til 45 dagar i fengsel på vilkår og må betale 40 000 kroner i bot etter gravinga han gjorde i eit automatisk freda kulturminne på eigedomen sin.

Bjarne Henry Hole

DØMT: Bjarne Hole er dømt for brot på kulturminnelova.

Foto: Svein Heggheim, Firda

Eigaren av Hole Traktor og Maskin på Byrkjelo, Bjarne Henry Hole, var tiltalt for brot på kulturminnelova, for å ha gjort inngrep i ei sikringssone til eit automatisk freda kulturminne. Området det gjeld ligg på Hole sin eigedom.

I løpet av to månadar våren 2015 grov han ei fleire meter brei sjakt inn i ein freda busetnad frå eldre romartid.

Resultatet var at nær 2000 år gamle fornminne ifølge tiltalen var blitt delvis øydelagt.

Påstanden frå aktor var 60 dagar i fengsel. Medan forsvarar bad om full frifinning.

Dommen på 45 dagar er utsett med ei prøvetid på 2 år. Hole slepp altså å gå fysisk i fengsel.

Edmund Bolstad

– VESENTLEG ENDRING: Forsvarar Edmund Arnold Bolstad.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Advokaten til Hole, Edmund Arnold Bolstad, seier at han har vore på reise og dermed ikkje har fått lese dommen enno.

– Men eg merkar meg at det vart fengsel på vilkår, og det er ei vesentleg endring frå påstanden, som var 60 dagars fengsel utan vilkår. Eg må sjå nærare på dommen før vi avgjer om vi skal anke.

– Var eigna til å skade

Fjordane tingrett fann ikkje at det er ført tilstrekkeleg bevis for at kulturminnet er blitt delvis øydelagt, slik tiltalen sa.

Men retten meiner det derimot er ført fullt bevis for at gravinga i 2015 var eigna til å skade eller øydelegge det automatisk freda kulturminnet

Retten legg tydeleg vekt på at Hole gjorde det med vilje.

Og at det er klart straffeskjerpande at han berre éin månad før inngrepet, hadde godteke eit førelegg for tilsvarande lovbrot i same kulturminne.

Ved dette førelegget fekk han både ei åtvaring og ein konkret reaksjon som fører til at forholdet i saka som han no er dømt for «framstår som meir graverande», ifylgje retten.

I retten sa Hole at han angra på at han godtok førelegget.

I tillegg er Hole dømt til å betale sakskostnadar på 3000 kroner.

Synfaring rettssak om øydelagt kulturminne

HER SKJEDDE DET: Gravearbeidet Hole er dømd for, skjedde inntil veggen på bygningen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.