NRK Meny
Normal

Hol i vegen skada fleire bilar på E16 ved Gudvangen

– Dei som køyrer i holet øydelegg bilen sin, fortel Bjørn Andersen. Han var ein av dei som gjorde nettopp det.

Hullet i vegen

DJUPT HOL: Holet er ikkje bredt, men veldig djupt, fortel Bjørn Andersen på staden.

Foto: Bjørn Andersen / PRIVAT

Holet er på E16 i Nærøydalen ved Gudvangen, der det for nokre veker sidan gjekk eit stort steinras. Vegtrafikksentral fortel at regnet truleg er årsaka til holet.

– Det har vore ein grusveg på enkelte parti av vegen kor det ikkje er heilt rydda opp etter raset. Det kraftige regnet har nok gjort at det vart eit hol der, fortel Roger Nedberge Hille i Vegtrafikksentralen.

Vegen er brukt av mange som reiser Austlandet til Vestlandet og motsett.

– Fem bilar er skadde

Bjørn Andersen er ein av dei som måtte stoppe då dei køyrde i holet. Holet er i vegbana som kjem frå Voss, mot Gudvangen. Dekka på bilen til Andersen er øydelagde, så dei kan ikkje køyre vidare.

– Vi er fem bilar som står her. Alle har fått så store skadar på bilane at vi ikkje kan halde fram, fortel Andersen.

Bjørn Andersen

FEKK BILEN ØYDELAGT: Bjørn Andersen kunne ikkje køyre vidare etter å ha køyrt i holet.

Foto: Bjørn Andersen / Privat

Han meiner vegen burde vore stengt.

– Det er ikkje mogleg å køyre forbi holet utan å øydelegge bilen. Sjølv om ein skulle køyre i 10 kilometer i timen.

Skadar på hjul

FLATT DEKK: Ein av bilane som ikkje kjem seg frå vegen etter å ha køyrt i holet.

Foto: Bjørn Andersen / Privat

Andersen fortel at holet ikkje er spesielt stort i diameter, men at det er djupt.

– Hadde vi vore 25 centimeter til sida hadde vi truleg ikkje merka noko som helst, seier Andersen.

Jobbar med å lappe holet

Vegtrafikksentralen fortalde for ei lita stund sida at entreprenørane er på veg til staden, og at dei kjem til å lappe holet.

– Vegen blir ikkje stengt, men vi kjem til å markere holet medan vi arbeider med det. Vi skal lappe det saman med eit sterkare materialet, slik at regnet ikkje skapar eit nytt hol med ein einaste gong, fortel Nedberge Hille i Vegtrafikksentralen.

Han seier at dei som har fått skadar på bilen bør kontakte juridisk avdeling i Statens vegvesen for erstatning.

– Men som regel ordnar eige forsikringsselskap opp i skadane som bilar får på vegen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.