Hopp til innhold

Hilmar Høl vald til ny leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Årdølen Hilmar Høl fekk 71 av 108 røyster på årsmøtet, og er dermed vald som ny leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti dei neste to åra. Solveig Willis er vald som nestleiar.

Created by InfoDispatcher

TAKK FOR KAMPEN: Hilmar Høl vart vald som ny leiar i Sogn og Fjordane Ap. Her får han gratulasjonsklem av Kristin Maurstad. Foto: Vidar Gudvangen

Kristin Maurstad fekk berre 33 av 108 moglege røyster.

– Det kjennest stort. Det må eg seie. Det er stort, seier Høl etter valsigeren.

I talen sin nemnde Høl at han visste mora hans kom til å vere stolt.

– Ja, ho er jo arbeidar-kvinne, så det kjem ho til å bli, seier Høl.

Høl har vore lokalleiar i Årdal i ni år, og har site i styret i Sogn og Fjordane Arbeidarparti sidan 2007. Han er klar på kva han vil jobbe med i tida framover.

– Her må ein føre vidare arbeidet som Nils P. Støyva har starta, og vidareføre det i den retninga vi ønskjer fram til eit nytt val, seier Høl.

Ytre og indre akse fann i hop att

Han er oppteken av at ein må lage eit program som ein skal selje inn i Sogn og Fjordane.

– Vi må prøve å få så god valuta for det arbeidet som mogleg. Forhåpentlegvis kan vi også snart ta til å forme at Arbeidarpartiet har lyst til å ha fylkesordføraren dei neste fire åra, når vi kjem så langt, seier Høl.

Han legg ikkje skjul på at det har vore jobba heftig i korridorane før søndagens val.

– Eg har hatt gode løpargutar. Det er den ytre og indre akse som finn i hop att, og gamle samarbeidskonstellasjonar er kanskje på veg inn att, seier Høl.

Vart litt skuffa med ein gong

Kristin Maurstad måtte med berre 33 stemmer innsjå at det ikkje heldt heilt inn denne gongen.

– Hilmar vart for sterk, og det er heilt greitt. Slik er det av og til, seier Maurstad etter valnederlaget.

– Det er klart eg er litt skuffa sånn umiddelbart. Men det er ingen grunn til å bruke tid på det. Eg sit framleis i styret, og eg ser fram til eit godt samarbeid. Hilmar er ein fantastisk fin fyr, seier Maurstad.

Florø Arbeidarparti bestemde seg rett før den skriftlege avstemminga om å gå for Hilmar Høl som ny fylkesleiar, og droppe Solveig Willis som kandidat.

Kristin Maurstad frå Vågsøy Arbeidarparti held fram som studieleiar i partiet.

Det kom som lyn frå klar himmel på valnemnda då Nils P. Støyva i slutten av januar gav beskjed om at han trekkjer seg frå leiarvervet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Sidan har jakta etter ein ny leiar pågått.

Ville ha tredelt leiing

Valnemnda valde å intervjue dei tre kandidatane Hilmar Høl, Kristin Maurstad og Solveig Willis før dei landa på ei innstilling til årsmøtet.

Etter mange diskusjonar, landa valnemnda på Kristin Maurstad, så dei meinte ho var den som best kunne fylle skorne etter Nils P. Støyva.

Valnemnda gjekk også inn for ei tredeling i styret, der dei ønskte Høl som politisk nestleiar og Willis som organisatorisk leiar.

Dette gjekk årsmøtet vekk frå, og valde Høl som fylkesleiar, medan dei vil ha Solveig Willis som einaste nestleiar.

Høl melde seg på i kampen om leiarvervet, og for ei knapp veke sidan lanserte Flora Arbeiderparti Willis som kandidat. Dermed var det duka for dragkamp om leiarvervet på årsmøtet i helga, ein kamp Høl til slutt vann.

NRK følgjer saka