Hopp til innhold

Statssekretæren måtte svare på Anda - Lote

– Det er berre ei løysing som er god nok for oss. Det er 20-minuttarsavgongar, seier Jenny Følling (Sp), leiar i Stamvegutvalet E39.

Oddmund Klakegg, Mathias Råheim og Bård Hoksrud.

MØTTE: Gaular-ordførar Mathias Råheim (H) og Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp) var mellom dei som overfor Statssekretær Bård Hoksrud (Frp) presiserte viktigheita ved å halde oppe framdrifta på utbetringa av E39 gjennom fylket.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Utvalet møtte onsdag kveld statssekretær Bård Hoksrud (Frp) om ferjesambandet Anda – Lote som framleis ikkje er lyst ut på anbod.

Resultatet kan bli at stortingsvedtaket om avgangar kvart 20. minutt blir utsett frå 2017 til 2018.

– For oss er det viktig at vedtaket blir sett i verk, så vi håpar dei finn løysingar. Det er heilt avgjerande, seier leiaren i stamvegutvalet, fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp).

Kjøpe eller leige

Det var måndag at fagkoordinator for ferjedrift i Statens vegvesen, Anders Sæternes, fortalde at ein anten må kjøpe eller leige inn ferje for å nå målet.

– Ei ferje er ikkje i stand til å trafikkere sambandet med 20 minutts avgangar, sa han.

Statssekretær Hoksrud seier dei no jobbar med å finne løysing.

– Vi har hatt nokre utfordringar på anboda som har vore ute, der vi ikkje har lukkast verken i høve til miljøkrav eller har fått gode nok anbod, slik at ein ser det tek litt lenger tid å få på plass kontraktane, seier han.

Glede hos utvalet

– Er det alternativ å kjøpe eller leige inn ei ekstra ferje, slik Statens vegvesen seier?

– Våre folk i embetsverket jobbar på spreng med å sjå på alle moglege løysingar. Eg kan ikkje no seie kva løysingar ein kan klare å få på plass. Men intensjonen er å følgje opp vedtaket i Stortinget.

Jenny Følling leia arbeidsgruppa

EI LØYSING: Jenny Følling seier det berre er ei løysing som er god nok for ferjesambandet Anda – Lote: 20-minuttarsavgongar.

Foto: Hans Jakob Reite

Følling seier det er viktig å få på plass hyppigare ferjeavgangar, og viser til at det vart skissert som eit strakstiltak då ein landa på indre line for E39. Utvalet er glade for at det no blir jobba for å finne ei løysing.

Understreka behov

Hoksrud kan ikkje seie kor raskt ein får avklara kva som skjer.

– Det er heldigvis ei stund til 2017. Om vi ikkje får det på plass, så må det tilbake til Stortinget, seier han.

Møtet med statssekretæren fann stad i etterkant av Næringsdagane som vart halde på Sunnfjord hotell i Førde. Der uttrykte utvalet glede over oppstartsløyvingane som kom til Bjørset – Skei i Jølster gjennom revidert nasjonalplan.

Ventar pengar

I tillegg er det kjent at det mykje omtala bompengeprosjektet Førdepakken kjem opp i Stortinget før sommaren.

Utvalet understreka behovet for midlar til Myrmel – Lunde, vegen forbi Vadheim, samt løysing forbi Førde og nordover frå Skei.

– Vi ventar at pengane kjem når planane er klare for Myrmel – Lunde og Vadheim, slik at vi kan setje spaden i jorda, seier ho.