Vanskeleg jobbmarknad for ingeniørar og andre høgt utdanna.
Men mange av dei må konstatere at heller ikkje her er det lett for desse yrkesgruppene å få seg jobb. Det fortel distriktsarbeidssjef Laila Holvik ved Aetat i Førde.
Pressa marknad
Ei årsak til at mange høgt utdanna personar no tek kontakt med Aetat, er at arbeidsmarknaden er svært pressa i dei store byane. No ringjer folk og sjekkar tilhøva på dei mindre stadene. Det inneber at folk som i utgangspunktet ikkje hadde tenkt å vende heimover, no vurderer dette.
Lite oppløftande
Men Holvik har dessverre ikkje oppløftande signal å kome med. Her er ikkje mange ledige stillingar for personar med høg utdanning. Tidlegare har slike ikkje hatt vanskar med å få seg gode jobbar.
Utrygg industri
Ikkje uventa merkar Aetat også at det er usikre tider i industrien. Både ved Aetat i Florø og i Førde er det hyppige besøk av personar som er knytt til Kleven-verksemdene.