Hopp til innhold

Høgt utdanna dårlegast trent

Høgt utdanna er lite fysisk aktive. Mange av dei bevegar seg like lite som eldre personar, berre ein til to kilometer kvar dag.

Det viser ei undersøking gjennomført av MMI.

Rektor Grethe Øren ved Hafstad vidaregåande skule meiner fleire tilsette burde tenkt meir på god helse.

Burde tenkt på helsa

- Enkelte er flinke til å tenke på helsa, medan andre absolutt burde trene meir, seier Øren.

Undersøkinga som er gjennomført av MMI for Landsforeningen for hjerte og lungesjuke, syner at ein av tre akademikarar ikkje bevegar seg meir enn ein til to kilometer kvar dag.

Lektor Magne Sægrov ved Hafstad er ein av dei som dreg opp treningsgjennomsnittet. 59-åringen trenar tre dagar i veka. Han meiner fleire burde følgje etter.

- Trening fører til ekstra overskot, og dette overskotet er viktig for å takle jobben som lærar. Utan eit godt treningsgrunnlag kan det vere større fare for å bli sjukmeld over lang tid, meiner han.

Høgt utdanna ikkje flinkare

Tradisjonelt har ein trudd at folk med høgare utdanning er flinkare til å ta vare på helsa si.

- Denne undersøkinga viser at det er feil, seier generalsekretær i LHL, Finn Grønseth.

LHL set no i gang kampanjen "Hvert skritt teller" for å hjelpe folk over terskelen. Målet er å få folk til å bruke føtene meir - og oftare.

Hvis du held deg i form på et visst nivå kan du redusere risikoen for diabetes 2 og hjartesjukdommar med opp mot femti prosent.

- Det bør få oss til å handle, meiner Grønseth.