Hopp til innhold

Lettare psykisk utviklingshemma avhøyrt utan advokat – Høgsterett oppheva overgrepsdom

– Dette er først og fremst ein siger for rettstryggleiken for svake grupper, her ein tiltalt med ei lettare psykisk utviklingshemming, seier advokat Ivar Blikra.

Advokat Ivar Blikra

LÆRDOM: Advokat Ivar Blikra meiner politiet bør trekkje lærdom av avgjerda til Høgsterett. – Syt heller for at sikta får utnemnt forsvarar ein gang for mykje enn ein gang for lite. Følgjene for partane og systemet er for store ved å ikkje utnemne, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Høgsterett opphevar overgrepsdomen på fengsel i to år, mot ein lettare psykisk utviklingshemma mann .

Ei av årsakene er at påtalemakta presenterte innhaldet frå avhøyr, der mannen ikkje hadde med seg forsvarar, som bevis for lagmannsretten.

– Etter utvalets oppfatning var det etter omstenda i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 6 nr. 1 om rettferdig straffesak å føre bevis om innhaldet i politiavhøyr av sikta der forsvarer ikkje var til stades, skriv Høgsterett.

– Ille, men rett avgjerd

Forsvarar, advokat Ivar Blikra, meiner avgjerda er rett og viktig for rettstryggleiken til svakare grupper i samfunnet.

Den tiltalte erkjende seksuell handling mot ei jente som var under ti år då overgrepa skjedde. Overgrepa skjedde over fleire år.

Tingretten tvilte ikkje på at overgrepa skjedde slik jenta forklarte, men kom til at overgrepa var seksuell handling og difor forelda. Mannen vart frifunnen.

Lagmannsretten kom til ein annan konklusjon og dømde mannen for seksuell omgang for dei same forholda. I tillegg til fengselsstraffa vart han også dømd til å betale 400.000 kroner i erstatning.

– Det er ille at fornærma og sikta må gjennom to belastande rettsomgangar før Høgsterett til slutt nullar ut lagmannsrettsdommen. Det gir ny uvisse om kva framtida gir – ei uvisse dei allereie har levd med i 2,5 år, seier Blikra.

– Frykteleg skuffa

I tillegg til dei omtala politiavhøyra, meiner Høgsterett at lagmannsretten si drøfting rundt overgrepa som seksuell handling eller seksuell omgang er mangelfull.

– Manglane ved domsgrunnane og bevisføringa frå politiavhøyra kan ha innverka på dommens innhald, skriv Høgsterett.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå Statsadvokaten i saka.

I rettsdokumenta kjem det fram at kvinna har fått psykiske problem etter overgrepa.

– Min klient er frykteleg skuffa over at ho ikkje kan legge saka bak seg. Utover det har eg ingen kommentar, seier bistandsadvokaten til kvinna, Marianne Bech.

Uvisst med ny runde

Det er uvisst om frifinninga i tingretten blir ståande, eller om Statsadvokaten vil prøve ein ny anke for lagmannsretten.

Advokat Blikra meiner uansett at politiet bør trekkje ein viktig lærdom frå avgjerda til Høgsterett: å utnemne forsvarer i tidleg fase i fleire saker.

Klienten hans var gjennom to avhøyr før han fekk utnemnt forsvarar.

– Dommen viser at politiet ikkje skal avhøyre sikta personar med særskilde utfordringar utan å syte for at dei har forsvarar til stades. Følgjene av at sikta ikkje har forsvarar frå første politiavhøyr, er at avhøyret ikkje kan nyttast som bevis i seinare straffesak, seier han.