NRK Meny
Normal

Han skreiv ein høgstemt hyllest til prins Christian Frederik - men på Eidsvoll var han taus

Soknepresten Niels Nielsen var ein av tre utsendingar frå Nordre Bergenhus Amt til Eidsvoll-forsamlinga. Han tok aldri ordet på Eidsvoll, men han hadde i mars same året ein svært høgstemt appell i ei adresse til regenten, prins Christian Frederik.

Montasje: Niels Nielsen og Dale

PREST I DALE: Niels Nielsen var sokneprest i Ytre Holmedal med bustad i Dale. Det var før noverande Dale kyrkje vart bygd i 1864. Biletet er frå 1870.

I 1814 var Nielsen sokneprest i Ytre Holmedal (tilsvarar Fjaler og delar av Askvoll) og budde i Dale. Seinare flytta han til Eid. Lektor og lokalhistorikar Per Ole Lefdalsnes i Eid meiner Nielsen spela ei viktig rolle sjølv om han var taus på Eidsvoll.

– Han var med som ein viktig aktør i første halvdelen av 1814 fram til grunnlova vart underskriven.

Niels Nielsen var fødd på Fyn i Danmark i 1777. Han var prest i Vardøhus og vart gift med dotter til kommandanten på Vardøhus festning. Dei flytte sørover og kom til Dale i Ytre Holmedal prestegjeld i 1810.

Svært svulstig appell

Og der var han sokneprest i 1814 då prestane fekk i oppgåve å organisere valet av utsendingar til ei samling i Vik som igjen valde utsendingar til Eidsvoll-forsamlinga. Etter at det var valt to utsendingar frå ytre Holmedal den 18. mars skreiv han ei svært høgstemt og svulstig adresse til regenten, Christian Frederik.

«Med Bekymring for vort elskede Fædreneland, for dets Frihed
og Selvstændighed, og med bange Anelser at det skulde lykkes Herskesyge og Erobringslyst at paalegge Norges Frribaarne Tyranniets forhadte og vanærende Aag, sukkede vi i Løndom, o, elskede Prinds! og fældede mangen Vemodstaare i tause, mørke og rædsomme Øieblikke.

Ja, rædsomme vare de disse Øieblikke; thi Haabets Gnist, det eneste
Ulykkelige have tilbage, var næsten udslukl i vor Barm. Men pludseligen oplivedes den, ekter Alstyrerens Villie, igjen, og vore Hjerter fyldtes
med usigelig Fryd, da Budskabet lød: Prinds Christian, odelsbaaren
til Norges Trone, vil antage sig vor Sag, vil reise vort Fædreland og
vedligeholde dets Selvstændighed.

O, Fyrste ! Glædestaaren tindrer i vort Øie, og med rørte Hjerter
tilsige vi Dem vor Tak.»

Berre diktarpresten Claus Frimann i Davik hadde ein meir svulstig og høgstemt appell, medan soknepresten i Gloppen, Peder Pavels , hadde ei svært nøktern adresse til Christian Frederik, seier Lefdalsnes.

Per Ole Lefdalsnes

- VIKTIG AKTØR: Lektor og lokalhistorikar Per Ole Lefdalsnes meiner Nielsen gjorde eit viktig arbeid i 1814.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Lang og strevsam reise

Nielsen vart saman med bonde Lasse Johannesson Heggem vald som utsending frå Ytre Holmedal prestegjeld til valmøtet i Vik 30. mars.

– I Vik vart han vald til Eidsvoll-utsending saman med to andre, Peder S. Pederson Hjermann og Lars Johannes Irgens . Og då var det berre å kome seg heim til Dale og pakke og kome seg av garde til Eidsvoll, for det var ei reise som tok tid.

Frå dagboka til ein utsending frå Bergen veit vi at berre reisa frå Lærdalsøyri over Filefjellet til Eidsvoll tok minst ei veke, og forhandlingane der starta 10. april.

– Nielsen reiste frå Dale og vart rodd i båt innover Sognefjorden, og berre det tok sikkert ein dag, så dette var ei lang og strevsam reise.

Tok ikkje ordet

Men vel framme på Eidsvoll gjorde ikkje presten i ytre Holmedal seg særleg gjeldande.

– Ut frå dei rapportane eg har funne i kjeldematerialet så forheldt han seg taus på Eidsvoll. Og det var uvanleg for ein embetsmann, for Eidsvoll var arenaen til embetsmenn. Men han gjorde tydelegvis lite av seg, det er ikkje rapportert at han tok ordet i det heile.

Gamle Eid kyrkje

GAMLE EID KYRKJE: Her var Niels Nielsen prest frå 1821 til 1835.

Heller ikkje i åra etter er det skriftlege kjelder som fortel at Nielsen engasjerte seg i aktivitetar utanom prestegjerninga i ytre Holmedal. Men etter at han flytta til Eid i 1821 gjorde han gagnleg samfunnsarbeid, fortel Per Ole Lefdalsnes.

– Han engasjerte seg i skulespørsmål. På den tida var det ikkje nokon organisert skule rundt om i bygdene. Kjeldene seier at han gjorde ein innsats, mellom anna ved å utdanne lærarar.

Nielsen møtte også på Stortinget ein gong i tida han var prest i Eid, i 1830.

– Fantastisk og utruleg

Lefdalsnes meiner det Niels Nielsen og dei 111 andre Eidsvoll-mennene gjorde desse vårdagane for 200 år sidan var ei stor bragd som ruvar internasjonalt og som vi den dag i dag kan vere stolte av.

– Det er ikkje utan grunn at 1814 er kalla «annus mirabilis» (vidunderår). Det er heilt fantastisk og utruleg det som skjedde. I desse prosessane vart folk flest engasjerte på ein måte dei ikkje hadde vore sidan vikingtida. Det var heilt eineståande også i internasjonal målestokk.

Niels Nielsen budde på Nordfjordeid til 1835. Då flytta han vidare til Ålesund, der han døydde i 1854. På grava hans er det ei minneplate.

Riksforsamlingen på Eidsvoll av Oscar Arnold Wergeland

- EINESTÅANDE: Det som skjedde på Eidsvoll i 1814 er heilt fantastisk og utruleg, seier Per Ole Lefdalsnes. Måleri av Oscar Arnold Wergeland.

Foto: Wikimedia Commons
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast