Hopp til innhold

Tek frå studentane, gir til forsking: – Uakseptabelt

Høgskulerektoren føreslår for styret å ta pengar frå undervisning og gi til forsking. Det vekkjer harme blant studentane.

Ingrid Moe Albrigtsen

EIT VÅGESPEL MED OMDØMET: – Høgskulen har godt studiemiljø, god gjennomstrøyming og god rekruttering – det må høgskulestyret ikkje ta for gitt, seier studentparlamentsleiar Ingrid Moe Albrigtsen.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Det er dumt, seier Håkon Eidem, eigedomsmeklingstudent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).

Midt i førebuingane til økonomistyringseksamen har han lite sans for høgskulerektoren sitt forslag om å kutta i undervisninga.

– Eg er avhengig av undervisninga. Då kjem eg meg på skulen og så blir eg oftare sitjande å lesa etter timen, seier Eidem.

Siri Lyseng, Håkon Eidem, Mats Jahn

EKSAMENSLESING: – Tek høgskulestyret pengane frå undervisning til forsking, kan avstanden til lærarane bli større, er eigedomsmeklingsstudent Håkon Eidem (midten) redd for, her saman med Siri Lyseng og Mats Jahn.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ostehøvelkutt

– Forslaget er heilt uakseptabelt, seier leiar Ingrid Moe Albrigtsen i Studentparlamentet ved HiSF:

– Eit ostehøvelkutt på 2,5 prosent i utdanning og undervisning for å finansiera forsking og utvikling (FoU) gir ikkje meining. Rektor stiller forsking og undervisning opp som konkurrentar. Slik skal det ikkje vera. Forsking er viktig, men då må du ikkje kutta i undervisninga, som gjer at du ikkje får formidla forskinga.

Rasmus Stokke vert ny rektor

FÅR REFS FRÅ STUDENTANE: – Me har eit svakt punkt på forsking, og der treng me å bli betre, seier rektor Rasmus Stokke.

Foto: Pressefoto

Dersom høgskulestyret torsdag velsignar kuttforslag på 2,5 prosent, blir følgjene alvorlege for studentane, meiner Moe Albrigtsen:

– Det betyr fire færre stillingar og kan innebera færre undervisningstimar, større klassar og meir fellesundervisning. Det vil gjera kvaliteten på utdanninga dårlegare.

Fusjonsstriden trigga forskingssatsing

– Eg forstår reaksjonane frå studentane godt, seier HiSF-rektor Rasmus Stokke, men han meiner kuttet ikkje treng bli dramatisk:

– Dette kan me få til utan å skade undervisninga. Me kan gjera undervisninga vår betre ved til dømes å bruka meir informasjonsteknologi.

Høgskulen har historisk skåra godt på undervisning, men har slite med forskinga. Eit strategisk hamskifte skjedde difor i vinter då fusjonsstriden rasa på sitt mest intense.

Regjeringen vil slå sammen høgskuler for å bli best i verden på forskning

VIL VERA SJØLVSTENDIG: Høgskulen i Sogn og Fjordane har streta mot tvangsekteskap med andre. Fjernsynsreportasje, 23. februar 2015

Regjeringa brukte då nettopp HiSFs relativt svake forskingsresultat som hovudskyts for å pressa høgskulen inn i ein fusjon. Svaret frå dåverande rektor Åse Løkeland var ein ny forskingsplan:

– Det har aldri før blitt lagt fram ein så ambisiøs plan. Han vil kosta, men me kjem til å hausta frukter av satsinga, sa Løkeland i februar.

Set omdømet på spel

Det er denne forskingssatsinga Stokke fører vidare med sitt budsjettforslag:

– Me har eit svakt punkt på forsking, og der treng me å bli betre.

Moe Albrigtsen meiner rektoren spelar hasard når han vil ta pengane frå studentane si undervisning:

– Høgskulen sitt rykte med eit godt studiemiljø, god gjennomstrøyming og god rekruttering – det må styret ikkje ta for gitt.

Også eigedomsmeklingsstudent Håkon Eidem er redd undervisingskutt kan gå ut over omdømet.

– Eg – til dømes – er frå Oppdal og kom til Sogndal berre på grunn av alt eg hadde høyrt om skulen, studiemiljøet og at kontakten med læraren er tett. Tek dei pengane til forsking, kan avstanden til førelesarane bli større.