- Dette betyr at realiseringa av Fosshaugane Campus for alvor er i gang, seier høgskulerektor Johs. Thaule.
- Målet for Høgskulen på sikt er å flytte heilt ut frå Sogndal Sentrum - slik at også aktiviteten dei har i Sogndal Kulturhus blir flytta til Fosshaugane, fortel Thaule.
17. juni - altså om halvanna månad skal teikningane vere bortimot klare og ein endeleg leigeavtale skal leggjast fram for høgskulestyret. Slik det ser ut i dag er denne behandlinga for ein formalitet å rekna - og då er realiseringa av første del av Fosshaugane Campus i gang for fullt.
200 millionar
Bygget som no skal setjast opp vil kosta rundt 200 millionar kroner. Det vil romma omlag 10.000 kvadratmeter, og reknast som det første byggjesteget av Fosshaugane Campus - ei gigantsatsing som også inneber ungdomsskule og vidaregåande skule, og som til slutt kan koma til å kosta 800 millionar kroner. Betydninga vedtaket til høgskulestyret har i denne samanhengen kan ikkje overvurderast seier Aage Engesæter som leier byggjegruppa i Sogndal Fotball sitt eigedomsselskap, SIL-tribuna AS.
Store på eigedom
Starten på heile Fosshaugane Campus er det europeiske fotballforbundet sine tribunekrav til Sogndal Fotball. Dei gjer at Sogndal hadde blitt degradert til 2. divisjon om Fosshaugane ikkje hadde blitt bygt ut. Men etter kvart har fotballen vorte mindre og mindre viktig, seier Engesæter. For alt i dag er Sogndal Fotball like store innan eigedom som dei er innan fotball - med Fosshaugane Campus vil eigedomssida bli mykje større - og det er kanskje like greitt med tanke på at laget ligg desidert sist i tippeligaen.