Hopp til innhold

Høgskulen startar nabopraten

Berre studentrepresentantane røysta i mot då styret i Høgskulen i Sogn og Fjordane gjekk inn for å starte sonderingar om samanslåing. Høgskulen vurderer å slå seg saman med Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Stord/Haugesund. Samtidig vil dei og starte sonderingar med Høgskulen i Volda. Studentane vil berre ha samarbeid med naboane, ikkje fusjon.

Studentar røystar mot på styremøte i Høgskulen i Sogn og Fjordane
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK