Rektoren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane veit at kampen om studentane er hardare enn på lenge. Difor er han oppteken av å styrke merkevarenamnet til høgskulen. Å gje studentar sertifikat i munnleg og skriftleg formidling, trur han er eit rett steg å ta i så måte. Det vil også vere eit tiltak han trur blir applaudert av arbeidsgjevarar som etter kvart skal gje jobb til desse studentane.
Først i landet
Thaule presiserer at språksertifikatet enno berre er på idéstadiet. Men dersom idéen blir sett ut i livet, blir Høgskulen i Sogn og fjordane først i landet med eit slikt sertifikat.
Sylfest Lomheim
- God idé
Direktør i Norsk Språkråd, Sylfest Lomheim, synst ideen om eit språksertifikat er svært god. Han er ikkje i tvil om at Høgskulen i Sogn og Fjordane er framtidsretta når dei vel å satse ekstra på språk og formidling. Direktøren i Norsk Språkråd trur dette vil hjelpe skulen i å posisjonere seg i den tøffe utdanningsmarknaden.