Hopp til innhold

Høgskulen i Sogn og Fjordane fryktar ikkje tvangssamanslåing

Høgskulen i Sogn og Fjordane kjenner seg ikkje truga sjølv om Kunnskapsdepartementet no opnar for å tvangssamanlå høgskulen med andre skular om ikkje dei gjer det frivillig. Det seier styreleiar Heidi Katrin Osland.

Studieopning på Høgskulen

BEST ÅLEINE: Studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er best tente med at skulen held fram som sjølvstendig eining, meiner leiinga.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

I går vitja statssekretær Bjørn Haugstad frå Høgre høgskulen i Sogndal. Alle høgskulane i landet har fått ordre om å finne ut kva universitet og høgskular dei eventuelt vil slå seg saman med.

Haugstad seier dei kan kome til å bruke tvang. Det er ikkje Osland redd for.

Heidi Kathrin Osland

-KJENNER OSS IKKJE TRUGA: Styreleiar Heidi Katrin Osland.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg oppfatta Haugstad som veldig lyttande, eg merka meg at han sa at dei sjølvsagt er avhengige av å legge fram ein plan som kan få tilslutnad i Stortinget. Vi kjenner oss ikkje truga. Vi er trygge på dei vurderingane vi har gjort sjølve.

– Gode på samarbeid

Heidi Katrin Osland viser til svært gode resultat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studentane blir fylgde opp tett, og dei får veldig gode resultat i forhold til dei karakterane dei kom inn med.

– Vi meiner at det ikkje er naudsynt å slå oss saman med andre. Vi har ein veldig god samarbeidskultur der vi set oss ved bordet og finn ut mellom anna kva utdanning kommunane treng. Vi er redde for å miste den skaparkulturen vi har.

Styreleiaren seier at dei også samarbeider godt med andre utdanningsinstitusjonar.

– Vi vil halde fram med å ha tett samarbeid med Idrettshøgskulen i Oslo, med Høgskulen i Bergen og med NTNU i Trondheim. Vi er veldig gode på samarbeid, og vi ynskjer å gjere det på vår måte.

– Må bli betre på forsking

– Men Haugstad sa at han var uroa for forskingsproduksjonen ved høgskulen, han sa at den slett ikkje var imponerande, og han frykta at den ikkje blir betre om skulen blir ståande åleine. Korleis skal de bli betre på dette feltet?

– Vi har vore tydelege på at vi ynskjer å bli betre på forsking, og det har vi også gjort noko med. Det harde og målretta arbeidet har resultert i to store, flotte prosjekt, ASK-prosjektet og Fornybar energi-prosjektet, som har fått midlar frå Norges Forskingsråd.

Ho reknar med at om to år vil resultata kome, og at det vil bli produsert artiklar i store mengder.

– Vi kjem til å forbetre oss sterkt, men vi har vore for dårlege.