NRK Meny
Normal

Studentane sin dom: Vil helst til Høgskulen i Sogn og Fjordane

Høgskulen i Sogn og Fjordane har størst auke i talet på søkjarar på heile Vestlandet. – Robust, svarar rektor

Åse Løkeland

GLAD: Rektor Åse Løkeland kan juble over gode søkjartal til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Dette er ein av dagane i året vi er mest spente, og eg som rektor er mest spent. Det er så utruleg avgjerande at vi er etterspurde, seier rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland.

Ho kan klappe seg sjølv på skuldra for å ha fått ein auke i søkjartalet til hausten på 28 prosent. Det treng rektoren som har kjempa ein hard kamp det siste halve året mot kunnskapsministeren sitt krav om samanslåing av høgskular og universitet, for å gjere skulane meir robuste.

– Vi blir verdsett

Det beste argumentet for at sjølvstende er rett, meiner rektoren ho fekk i dag.

– Det er studentane sjølve som vel kvar dei vil studere. Det er ikkje noko vi styrer, så dette har vi vore spente på, og dette er gledeleg. Det at så mange søkjer seg hit er ei stadfesting på at det vi tilbyr blir verdsett, seier Løkeland.

Høgskulen i Sogn og Fjordane aukar søkjarmassen med 28 prosent. Totalt har 1550 søkt seg til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Til samanlikning er gjennomsnittet for landet omlag sju prosent auke. Dette er likevel ikkje rekordauke i søkjartalet eller søkjarmassen.

– Men det er ein betydeleg auke, og den største auken på heile Vestlandet, seier Løkeland.

Om lag 160 av dei nye søkjarane har søkt deltidsstudium med opptak annankvart år, medan om lag 190 av dei nye søkjarane har søkt heiltidsstudium.

– Ein klar og markant vekst uansett, seier Løkeland.

Viktige ambassadørar

Ho takkar særleg studentane ved Høgskulen for innsatsen dei har gjort og gjer for å marknadsføre Høgskulen i Sogn og Fjordane som ein god lærestad.

– Studentane seier det er ein verdi for dei at vi er tett på. Vi har høg skår på studiebaromenteret, og vi er ein av tre studiestader i landet med best studiemiljø. Så studentane har vore gode ambassadørar for skulen, seier Løkeland.

  • Les også:

Skulen registrerer auke både til sjukepleiarutdanninga og lærarutdanninga. På ingeniørstudiet er talet omtrent som i fjor. Men rektoren konstaterer at mange av studentane kjem frå andre stader enn Sogn og Fjordane.

– Av 1000 som byrjar kjem 640 utanfrå fylket. Vi veit at rundt 40 prosent av dei blir verande i fylket. Det er avgjerande for å ha tilgjengeleg arbeidskraft, og for å ha eit pulserande studieliv i Førde og Sogndal, seier Løkeland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.