NRK Meny
Normal

Språkrådet: – Skulen brukar for mykje nynorsk

Alle høgskular og universitet i landet bryt mållova. På Vestlandet får nokre av høgskulane refs for manglande bokmål.

Åse Wetås

SKUFFA OVER HØGSKULAR OG UNIVERSITET: Alle høgskular og universitet i landet bryt mållova. Det likar ikkje direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Foto: Svein Arne Orvik / NPK

– Det ser ikkje bra ut. Ingen har følgt mållova til punkt og prikke i år, seier Åse Wetås, som er direktør i Språkrådet.

Kvart år får høgskular, universitet og andre statlege institusjonar tilbakemeldingar frå Språkrådet på språkbruk.

Trenden er manglande nynorsk. Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda får kritikk for at dei brukar for lite bokmål.

– Mållova gjeld òg for dei institusjonane som brukar mest nynorsk. På Høgskulen i Sogn og Fjordane brukte dei for mykje nynorsk og for lite bokmål i 2016.

– Vi tek det ikkje tungt

Seniorrådgivar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Georg Arnestad, er meir oppteken av dei som bryt mållova, for å sleppe unna nynorsken.

– Det er så mange høgskular og universitet i landet vårt som år etter år medvite saboterer heile mållova, så at vi gjer det tek vi ikkje tungt. I ei utgreiing kom vi fram til at vi ikkje skal vere den beste skulen i landet på å halde oppe prosenten med bokmål, seier han

Arnestad forsikrar om at alle studentane på høgskulen skal få informasjon på det målet dei ynskjer.

Georg Arnestad

SKAL IKKJE VERE BEST I BOKMÅL: Seniorrågivar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Georg Arnestad, seier høgskulen ikkje skal vere den beste skulen i landet på bokmål.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Mållaget vil at alle skal følgje lova

Magne Aasbrenn, leder for Noregs Mållag

SER PÅ MÅLLOVA SOM EI STYRKE: Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, meiner mållova er ein styrke for nynorsk.

Foto: Noregs Mållag

Leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag vil ikkje ha noko unnatak eller boikotte bokmålsprosenten på typiske nynorskinstitusjonar.

– Det er ein styrke for nynorsk at vi har mållova. Vegen framover er at vi må få alle til å følgje lova.

Språkrådet meiner mållova er klar.

– Mållova seier at statsinstitusjonar skal ha minst 25 prosent av tekstproduksjonen i enkelte kategoriar i den minst brukte målforma, seier Åse Wetås.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser