Liv Signe Navarsete. Arkivfoto NRK
Det seier nestleiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete. Navarsete seier målet er å få til ei finansiering som slår betre ut for høgskular som den her i fylket. - Det skal ikkje berre vere talet på studentar og studentgjennomstrøyming som avgjer inntektene i høgskulesystemet. Dagens system er svært marknadsbasert, og tek ikkje godt nok i vare dei mindre høgskulane, seier ho.
Må kutte stillingar
Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått skore ned talet på studieplassar og følgjeleg fått mindre pengar. I verste fall må skulen kutte 15 stillingar, og tillitsvald for dei 111 lærarane ved høgskulen, Hugo Mossestad, meiner politikarane har fjerna seg frå distriktshøgskuletanken.
- Treng smalare linjer
Mossestad får full støtte frå Liv Signe Navarsete. - Høgskulen i Sogn og Fjordane ynskjer å ha nokre smalare linjer som ikkje minst er viktige for regional utvikling. Med dagens finansieringssystem er det svært vanskeleg, seier ho.
Regionale utviklarar
- Distriktskommisjonen sa noko om dette i si innstilling, og eg er oppteken av at vi fylgjer dette opp i den nye regjeringa, slik at høgskulane blir dei regionale utviklarane dei var tenkte å vere i tillegg til eit godt utdanningstilbod, seier Liv Signe Navarsete.